Kongevegbedriftene

HI Borlaug Vandrerhjem
gyismk5mock9sovw20wk.jpg

Om HI Borlaug Vandrerhjem

HI Borlaug Vandrerhjem ligg i krysset der E16 Filefjell og RV52 Hemsedalsfjellet møtest, cirka 500 meter frå Kongevegen over Filefjell og Borlo Bygdetun.

HI Borlaug Vandrerhjem tilbyr rimeleg overnatting med frukost (bed & breakfast). Både enkeltseng i fleirsengsrom, enkeltrom, dobbeltrom og familierom. Romma er utan dusj og toalett, men med varmt og kaldt vatn. Felles dusj og toalett på gangen.

Kapasiteten er 48 senger fordelt på 14 rom. HI Borlaug Vandrerhjem er tilknytta HI Norske Vandrerhjem.

HI Borlaug Vandrerhjem har òg eit godt utstyrt gjestekjøken. Det er mogleg å få vaske og turka klede. HI Borlaug Vandrerhjem har fellesrom med parabol og gratis WIFI.

Alle prisar er inkl frukost. 10 % rabatt for medlemar. For nærmare informasjon om prisar sjå www.hihostels.no/borlaug

Tillegg for leige av sengetøy og for matpakke.

Barnemoderasjon 50 % for barn mellom 3-15 for mat og seng. Gratis for barn under 3 år som ikkje krev eiga seng.

HI Borlaug Vandrerhjem ligg cirka 13 kilometer frå Borgund Stavkyrkje med Borgund Besøkssenter, ca 5 kilometer frå Steinklepp (Borgund sentrum) med daglegvarevarehandel og Postaabneriet Pub & café, 35 kilometer frå Lærdalsøyri.

Turar og opplevingar i nærområde

For turentusiaster kan me anbefala diverse småturar i nærområdeogså utanom Kongevegen over Filefjell. Eit døme er Eråksgrandane med mange gamle murar, rundtur Borlaug–Eråk–Eråksdalen–Bergstølen–Borlaug, tur til Ulviksbakken, natur/kultursti hjå Borlo Bygdetun, Seltåsen og Steineåsen.

For fiskeinteresserte vil me anbefala aurefiske i «Borgundsfjorden». Informasjon om kjøp av fiskekort får du i resepsjonen.

Elles kan du ta ein dagstur til Lærdalsøyri med blant anna Norsk Villakssenter, Sogn Kunstsenter, Gamle Lærdalsøyri og Lærdal motorikpark.

Programforslag
1. Besøka Borgund Stavkyrkje og Borgund besøksssenter. Kan kombinerast med å gå Vindhella og Sverrestien.

2. Aurefisk i «Borgundsfjorden» 

3. Guida omvisning på Borlo Bygdetun inkludert natur/kultursti

4. Gåtur Eråksgrandane–Eråksdalen–Bergstølen

5. Besøke Lærdalsøyri med til dømes Norsk Villakssenter/Sogn Kunstsenter og Gamle Lærdalsøyri og besøk på Lærdal Motorikpark

 

borlaug_vandrerhjem.jpg
Bu på HI Borlaug Vandrerhjem
Solgun Haugen
(+47) 97 15 77 88 / (+47) 911 099 46