Kongevegbedriftene

gyismk5mock9sovw20wk.jpg
P1030767.JPG
last-ned-1.jpg
last-ned-2.jpg

Om HI Borlaug

HI Borlaug Vandrerhjem ligg i krysset der E16 Filefjell og RV52 Hemsedalsfjellet møtest, cirka 500 meter frå Kongevegen over Filefjell og Borlo Bygdetun.

HI Borlaug Vandrerhjem tilbyr rimeleg overnatting. Både enkeltrom, dobbeltrom og familierom. Romma er utan dusj og toalett, men med varmt og kaldt vatn. Felles dusj og toalett på gangen.

All overnatting må kun skje via førehandsbooking.

Kapasiteten er 34 senger fordelt på 10 rom. HI Borlaug Vandrerhjem er tilknytta HI Norske Vandrerhjem.

HI Borlaug Vandrerhjem har òg eit godt utstyrt gjestekjøken. Det er mogleg å få vaske og turka klede. HI Borlaug Vandrerhjem har fellesrom med parabol og gratis WIFI.

10 % rabatt for medlemar. For nærmare informasjon om prisar sjå www.hihostels.no/borlaug

Sengetøy er inkludert.

Me førebur frukost til deg, på førespurnad.

Barnemoderasjon 50 % for barn mellom 3-15 for mat og seng. Gratis for barn under 3 år som ikkje krev eiga seng.

HI Borlaug Vandrerhjem ligg cirka 13 kilometer frå Borgund Stavkyrkje med Borgund Besøkssenter, ca 5 kilometer frå Steinklepp (Borgund sentrum) med daglegvarevarehandel og Postaabneriet Pub & café, 35 kilometer frå Lærdalsøyri.

Turar og opplevingar i nærområde

For turentusiaster kan me anbefala diverse småturar i nærområdeogså utanom Kongevegen over Filefjell. Eit døme er Eråksgrandane med mange gamle murar, rundtur Borlaug–Eråk–Eråksdalen–Bergstølen–Borlaug, tur til Ulviksbakken, natur/kultursti hjå Borlo Bygdetun, Seltåsen og Steineåsen.

For fiskeinteresserte vil me anbefala aurefiske i «Borgundsfjorden». Informasjon om kjøp av fiskekort får du i resepsjonen.

Elles kan du ta ein dagstur til Lærdalsøyri med blant anna Norsk Villakssenter, Sogn Kunstsenter, Gamle Lærdalsøyri og Lærdal motorikpark.

Programforslag
1. Besøka Borgund Stavkyrkje og Borgund besøksssenter. Kan kombinerast med å gå Vindhella og Sverrestien.

2. Aurefisk i «Borgundsfjorden» 

3. Guida omvisning på Borlo Bygdetun inkludert natur/kultursti

4. Gåtur Eråksgrandane–Eråksdalen–Bergstølen

5. Besøke Lærdalsøyri med til dømes Sogn Kunstsenter og Gamle Lærdalsøyri og besøk på Lærdal Motorikpark

 

last-ned-1.jpg
Bu på HI Borlaug
15. juni - 5. september
IMG_2063.jpg
Solgun Haugen
(+47) 97 15 77 88