Kongevegbedriftene

Jordeplegarden Feriehus
Bilde 2.jpg
bilde 4.jpg
bilde 3.jpg
bilde 6.jpg
Outlook-rpipvgfr.jpg
Stove.jpg
Stove 2.jpg
Fasade (1).jpg
Anneks.jpg
utsikt fra anneks.jpg (1)

Om Jordeplegarden Feriehus

Jordeplegarden feriehus ligg langs med Kongevegen-ruta og er eit glimrande val om du skal gå Kongevegen.

Eigedommen er ein del av delstrekninga Ljøsne-Lærdalsøyri.

Det er eit stille og fredeleg område med flott utsikt mot fjell og landbruksareal. Eigedommen er ein del av ein gard med potet- og gulrotåker, og morellhage like ved.

Feriehuset inneheld gang, bad, kjøkken, stove og to soverom. I tillegg er det eit anneks med soverom/opphaldsrom. Dei to bygningane har 7 sengeplassar.

Feriehuset har eigen, stor hage og samen med annekset er det ein koseleg plass for familiar.

Det er omlag 20 km til Borgund Stavkyrkje, 7,5 km til Lærdal sentrum og 1,4 km til Håbakken/Lærdalstunnelen.

Velkommen til overnatting i eit unikt og vakkert område med flott utsikt.

 

Bilde 1..jpg
Bu på Jordeplegarden
Heile året
Single, par, familiar
Nina og Anders.jpg
Nina og Anders Voll Eltun
(+47) 95 74 99 68