Kongevegbedriftene

Om Tau og Tind

Tau & Tind tilbyr guida fjellturar, aktivitetsopplevingar og fjelleventyr på Filefjell – sommar som vinter.

Tau og Tind er den nye bæraren av arven etter Tyin Aktiv – eit selskap som i over 20 år har skapt ekte fjellopplevingar på Tyin–Filefjell. Då vi tok over verksemda, var målet ikkje å endre retninga, men å videreføre og vidareutvikle det Tyin Aktiv stod for: lokalkunnskap, tryggleik og lidenskap for fjellet. Tyin Aktiv var kjend for solide kitekurs, føringsturar til klassiske toppar som Uranostind og Falketind, og dei siste åra eit veksande tilbod med randoneé-toppturar, skredkurs og vinteraktivitetar. Dette er no fullt integrert i Tau og Tind.

Kva vi tilbyr

  • Kitekurs på snødekte vidder
  • Randoneé- og toppturkurs
  • Skredkurs
  • Guida toppturar til ikoniske fjell
  • Trugeturar, fotturar og skreddersydde opplegg

Teamet vårt
Tau og Tind blir leia av Kjartan Bruvik, som har mange års erfaring som guide og instruktør. Saman med guidane i selskapet skal vi gje deg det beste vi og Jotunheimen har å by på.

Kvifor velge oss?
Fordi vi tilbyr meir enn kurs og guiding – vi gjev deg ekte fjellopplevingar forma av menneske som kjenner området. Vi legg stor vekt på tryggleik og meistring, og vi jobbar for at du skal reise heim med nye ferdigheiter og store opplevingar i bagasjen.

Kjartan Bruvik
(+47) 414 84 492