Kongevegbedriftene

Tufte kårhus
IMG_0496.jpg

Om Tufte kårhus

Den eldste delen av kårhuset på Tufte vart bygd 1880/90-årå.

Den gongen stod huset på nabogarden Kvamme. 

I 1938 vart det flytta over elva og opp til oss på Tufte gard. I 2020 vart det totalrenovert.

Kårhuset er over to etasjar, og har i dag stor stove, kjøken, bad og to soverom og eit inngangsparti.

Kvart soverom har to enkeltsenger som er sett saman som dobbeltsenger, men som lette å dele opp.

Det er barneseng på det eine soverommet. I stova er det i tillegg ein sovesofa.

I huset finn du oppvaskmaskin, vaskemaskin og alt av kvitevarer. Her er gratis WIFI. Ekstra koseleg er at huset har peisomn for vedfyring i stova.

Kårhuset har eigen hage med pavilijong/lysthus.

Det er parkering rett utanfor huset, midt i gardstunet

På gården går det storfe og på tunet ruslar det fleire katter. 

Tufte kårhus passar veldig godt for par, familiar og for små grupper.

Du finn oss ved delstrekninga Borlaug-Borgund stavkyrkje. Det er knappe 2 kilometer til matbutikk, gatekjøkken, pub og kafé i Borgund sentrum.

Det er fleire turstiar å gå i umiddelbar nærleik. Og lett tilgjengeleg aurefiske i Borgundselva som renn gjennom garden.

Velkommen til gards!

IMG_0494.jpg
Bu i Tufte kårhus
Heile året
Familiar, par, små grupper
kopi.jpeg
Jan Geir Solheim
(+47) 9888 8800