Husum er eit lite familiehotell i Lærdal, like ved Borgund stavkyrkje og Kongevegen over Filefjell. Hotelldrifta skriv seg frå 1835, då staden blei driven som skysstasjon.
Me ynskjer å gje gjestene våre ei oppleving med utgangspunkt i dei tradisjonane som er knytt til staden. Hotellets åtte gjesterom har difor tradisjonsrik innreiing, med kvart sitt særpreg.
For hotellets gjester tilbyr me også ein tre-rettars middag, basert på lokale råvarer.
Om kvelden kan du sitja på ein av dei overbygde verandaene, sjå sola gå ned, lytta til suset frå Lærdalselvi og drøyma deg litt vekk - om livet på garden og dei vegfarande som har reist forbi Husum gjennom hundreåra.
Me ligg 20 minuttar unna Lærdalsøyri, langs gamlevegen i retning Borgund stavkyrkje.
Hotellet ligg midt i mellom dei populære rundturane Galdane-Seltåsen og Vindhella-Sverrestigen på Kongevegen og like ved Borgund stavkyrkje.
Lærdal har i lang tid vore eit knutepunkt mellom aust og vest i Sør-Noreg, då me ligg midt i mellom Bergen og Oslo.
Sogndal lufthavn er næraste flyplass, som ligg 1 time og 15 minutt unna Husum Hotel.