Opplev kongevegen

Øye stavkyrkje

Øye stavkyrkje er ei av dei minste stavkyrkjene i landet, vakkert plassert ved vestre enden av Vangsmjøsa.

Kyrkja stod tidlegare nede på flatene mot vatnet, nesten ute på odden, eit stykke nordaust for der minnesteinen er sett opp. Til for nokre år sidan var gravene synlege.

Nye Øye kyrkje vart bygd i 1747. Då «forsvann» Øye stavkyrkje. Ingen visste kva som hadde skjedd med ho. Ikkje ein gong folk som var fødd tidleg på 1800-talet og som lokalhistorikar Knut Hermundstad hadde snakka med, visste noko om lagnaden til gamlekyrkja.

Hadde ho brunne eller blåse ned? Eller hadde dei rive henne og selt ho i smådelar slik det ofte vart gjort?

I 1935 måtte dei reparere muren under nye-kyrkja. Før karane tetta att holet, kom dei til å kike inn under kyrkjegolvet. Der låg det trematerialar! Då dei fekk plukka fram alt, viste det seg at 156 delar av stavkyrkja låg der!

Etter kvart kom det ynskje frå Valdresmuseet på Fagernes om å få setja kyrkja opp att. Men kyrkja høyrde til i Øye, og der ville bygdefolket at ho skulle reisast att. Erik Øye ga bort tomt på Øyebakka, og prøvereisinga viste at det var mogleg å gjenskape kyrkja slik dei meinte ho hadde sett ut.

I 1965 stod kyrkja ferdig oppsett. Ho vart innvigd av biskop Alex Johnson.