Opplev kongevegen

Byvandring på Gamle Lærdalsøyri

Bli med inn i historia til den gamle strandsitjar- og handelstaden Lærdalsøyri.

Lær om mellomalderske marknadsdagar, gater, arkitektur, soger og personar.

Høyr om byplanar og rike handelsmenn, fattige dagarbeidarar og klasseskilje i dette viktige trafikknutepunktet mellom aust og vest.

Omvisarane er lokale folk med brei kunnskap om lokalhistoria. Norsk språk, engelsk ved behov. 

Vandringa startar på Løytnantsbryggja og tek cirka 1 time. Tilbodet er tilgjengeleg 1. april - 30. september.

NB: Til ei kvar tid gjeldande covid19-restriksjonar vil bli følgd.

 

Byvandringa er eit samarbeid mellom bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell og Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane.