Opplev kongevegen

Gamle Lærdalsøyri med guide

Fakta

Tidsbruk
45 min-1 time
Vanskelegheitsgrad
Enkel
Tilgjengeleg
Dagleg kl. 12.00, 1. april-13. okt.

Bli med inn i historia til den gamle strandsitjar- og handelstaden Lærdalsøyri.

Lær om mellomalderske marknadsdagar, gater, arkitektur, soger og personar.

Høyr om byplanar og rike handelsmenn, fattige dagarbeidarar og klasseskilje i dette viktige trafikknutepunktet mellom aust og vest.

Omvisarane er lokale folk med brei kunnskap om lokalhistoria og/eller arkitektur på Lærdalsøyri. Norsk og engelsk språk.

Vandringa startar ved «Gamlebanken» i Øyragata 11 og tek 45-60 min.

  • Dagleg kl. 12.00. Omvisninga skjer kun ved online bestilling her