Bli med inn i historia til den gamle strandsitjar- og handelstaden Lærdalsøyri.
Lær om mellomalderske marknadsdagar, gater, arkitektur, soger og personar.
Høyr om byplanar og rike handelsmenn, fattige dagarbeidarar og klasseskilje i dette viktige trafikknutepunktet mellom aust og vest.
Omvisarane er lokale folk med brei kunnskap om lokalhistoria og/eller arkitektur på Lærdalsøyri. Norsk og engelsk språk.
Vandringa startar ved «Gamlebanken» i Øyragata 11 og tek 45-60 min.
- Dagleg kl. 11.30. Omvisninga skjer kun ved online bestilling her
NB: Dersom de er ei gruppe som ønsker å gå til eit anna tidspunkt, send oss gjerne ein førespurnad på e-post (min 4. personar).