Opplev kongevegen

Guida tur over Kvamskleive + Kvam lensmannsgard

Fakta

Tidsbruk
2-2,5 time
Avstand
4,7 km.
Vanskelegheitsgrad
Enkel
Passar for
Alle
Tilgjengeleg
1. juni-31. august

Bli med ein lokal guide over sagnomsuste Kvamskleive og ned til Kvam, den tidlegare lensmannsgarden med fleire eldre bygningar.

Høyr om «livsfarlige ferder» på kongevegen og det utanlandske ferdesmenn kalla «avgrunn» då dei drog hest og kjerre over her på 1800-talet.

Veghistorie, lokal historie, flora og fauna - og praktfull utsikt over Vang og Vangsmjøse.

Og bli med ned på tunet til 1800-talsgarden Kvam, der meistertjuven Gjest Baardsen mang ei gong måtte overnatte på veg til straff og slaveri på Akershus. 

TID: Dagleg klokka 10.00
PERIODE: 01. juni - 31. august

Start: Ved Neset (austlege inngang av Kvamskleive). Parkering.
Avslutning: Ved Søndrol (parkering)
Lengde: 4,7 km. èin veg. Turen tek 2-2,5 timar

Påmelding: Ved å booke online på denne sida
Språk: Norsk, engelsk ved behov
Vanskegrad: Middels (dei første kilometrane stig vegen 150 av totalt 250 m.). Resten har vanskegrad lett.

Innhald: Guida tur med lokal guide langs Kongevegen over Kvamskleive. Historie, flora, fauna, lokale forhold. Tur nedom tunet til Kvams lensmannsgard, høyr om bygningane og garden.

 

Turen går frå Neset til Søndrol. Du må enten gå tilbake til Neset eller parkere bilen ved Søndrol/organisere tur tilbake til bilen om du ikke vil gå attende til utgangspunktet.