Opplev kongevegen

Margretestuen Fjellstovemuseum

Fakta

Pris
NOK 100,- per person.
Tilgjengeleg
Dagleg på bestilling i juni, juli og august

Fjellstovemuseet på Maristova ligg langs Kongevegen over Filefjell. Bygningen er verneverdig og vart bygd i 1791-1792 samstundes Kongevegen over Filefjell.

Vegbyggjaren, generalvegmeister Hammer stod bak, og han ville laga det makeleg for seg og sine. I tillegg til ny stove, fekk han bygd ei ny himmelseng til seg sjølv.

Snikkararbeidet vart sett ut på tilbod og Ole Odden (Ø. Eri, busett på Lærdalsøyri) fekk tilbodet. Men det vart klaga på drikking:

«Det forbandede Superie er hans ødeleggelse, og paafører andre mangfoldige Kiedsommeligheder».

Trass i sitt «Superie» var Ole ein flink handverkar som mellom anna høvla bord og laga dører.

Eit særskilt rom vart innreia med himmelseng, dunfylte dyner og sengklede merka med kongen sitt merke. Stovemannen, Mons Henrikson, vart pålagt å:

«...holde det alt i Agt og renlig Stand til Benyttelse for Reisende udenfor Bondestanden og ingenlunde til Brug for Bønder i nogen slags Maade samt tillige i sit Huus at være forsynet med gode og forsvarlige drikkevahre, samt andre fornødenheder saa fremt han vil undgaae tiltale og anden Straf samt Udkastelse af Stedet».

Bøndene måtte ta til takke med enklare losji i tre små stover som stod ved sida av.

 

 

Maristuen Fjellferie
Les mer
Maristova fjellferie (1 of 26).jpg
Knut Maristuen
(+47) 576 68 711