Opplev kongevegen

Transport til Kongevegen

Fakta

Passar for
Folk, hund, syklar
Tilgjengeleg
Dagleg juli og august 2026

NYHEIT: I år startar VY820 Fjord & Fjell-ruta. Den tek over etter Kongevegbussen og bringer deg til delstrekningane langs Kongevegen.

Ruta går frå og med 1. juli til og med 31. august.

Den nye ruta gjer det enklare å reise berekraftig mellom dei spektakulære fjord- og fjellområda Gudvangen, Flåm, Aurland, Lærdal, Årdal og Filefjell, og består av to bussar som går mellom desse stadane heile dagen.

På strekninga mellom Lærdalsøyri og Tyinkrysset tek ruta over etter den kjende "Kongevegbussen"

Me anbefalar at du bestiller billett på førehand via vy.no eller VY-appen. Det er også mogleg å kjøpe billett ombord, men plassen er då ikkje garantert sidan bussen ikke nødvendigvis stoppar på holdeplassar der ingen har bestilt. Bussen til Kongevegen er ein 19-seter.

Alle ruter/rutetider: www.fjordfjellruta.no
Booking: www.vy.no
Heimeside: FjordogFjell-ruta
Priser: 89-246 kr. per person, avhengig av lengde
0-5 år: 90 prosent rabatt
6-17 år: 50 prosent rabatt
Hund: 50 prosent rabatt
Sykkel: 175 kroner per sykkel

VY820 frå Lærdalsøyri til Kongevegen:

Morgon        Ettermiddag
08:49      |    15:23    Lærdal rådhus
 --:--        |    15:31    Håbakken
09:09      |    15:46    Seltun (Galdane)
09:12       |    15:49    Sjurhaugen (Galdane og Øygardsvegen)
09:15       |    15:52    Husum hotell (Vindhella og Øygardsvegen)
09:20      |    15:57    Borgund stavkyrkje (Vindhella)
09.28       |    16:10    Borlaug
09.34       |    16:16    Maristova
09.46       |    16:28    Kyrkjestølen
09.54       |    16:36    Tyinkrysset
09:58       |    16:40    Filefjellstuene

VY820 frå Tyinkrysset til Kongevegen:

10.03  Filefjellstuene
10.11  Kyrkjestølen
10.26  Maristova
10.32  Borlaug
10.42  Eggum gard
10.47  Borgund hyttesenter
10.50  Borgund stavkyrkje (Vindhella)
10.55  Husum hotell
10.58  Sjurhaugen
11.01  Seltun (Galdane)
11.13  Håbakken
11.22  Lærdal rådhus

Bussen tek både hunder og syklar (opp til 15 syklar).