Ingeniørbragden Vindhella er den mest berømte delstrekninga av Kongevegen over Filefjell. Men Vindhellaskaret skjuler så mykje meir.
Kvar dag kokka 13.30 kan ein Kongevegen-guide ta deg med opp austsida av Vindhella og til toppen av dei berømte hårnålsvingane.
På turen får du lære om Kongevegen og om bygginga av meisterverket som bugtar seg på høge murar gjennom fjellpasset.
På toppen får du høyre kva meir Vindhella er. Nokre stikkord er sagakongar, birkebeinarar, bygdeborg og eit middelalderoverfall på liv og død.
Etter ei stund på toppen snur guiden og går tilbake til stavkyrkja. Du blir med, eller du kan gå på eiga hand ned til Rimskjold og avslutte, eller ta rundturen over Sverrestigen tilbake til kyrkja. Guiden forklarer deg korleis.
TID: Dagleg klokka 13:30
PERIODE: 01. juni - 31. august
Lengde: Turen tek 45-60 minuttar
Pris: 295,- vaksne/130,- unge u/16 år (min. 4 pers.)
Påmelding: Ved å booke online på denne sida
SPRÅK: Norsk, engelsk ved behov
Inkludert: Lokal guide og historiefortelling tur/retur Vindhella
