Opningstida er måndag – søndag kl. 10-18 i tidsrommet 15. juni - 1. september.
Det er guida omvisingar i utstillinga kvar tysdag, torsdag og søndag kl. 13.00 fram til 18. august. Omvisinga tek ca. 45 minutt.
Det er berre 20 plassar per omvising. Sikre deg plass ved å sende e-post til resepsjon.laerdal@villakssenter.no eller skriv deg på liste ved resepsjonen. Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten.
Hans Gjesme: Gal og genial?
Stemmer myten om den gale og geniale kunstnaren? Kunstnaren Hans Gjesme (1904-1994) frå Lærdal vart paranoid schizofren og tvangsinnlagt på Gaustad psykiatriske sjukehus i 1955. Der budde han heilt fram til 1971. Han la ikkje ned kunstnarskapet sitt der inne, tvert imot. I denne store utstillinga får du eit innblikk i Gjesme sine verk frå denne tida.
Då han vart lagt inn, stoppa ei lovande karriere tilsynelatande opp. Den mykje utstilte målaren forsvann frå offentlegheita. Men inne på Gaustad i Oslo jobba Gjesme vidare. På veggane ved Sogn Kunstsenter stiller vi ut nærare 100 høgdepunkt frå dei 16 åra bak lukka dører. Fleirtalet av bilda har aldri vore vist fram offentleg før.
Kunstnaren lei av ein sjukdom der det til tider er vanskeleg å skilje kva som er verkeleg og ikkje. I denne tilstanden, ofte med «styggen på ryggen», skapte han sterke og kjenslevare bilete. Verka står ikkje attende for det han laga dei siste tiåra før han vart lagt inn. Og dei gjev eit meir nyansert og sjeldan innblikk i korleis det var å vere psykisk sjuk og kunstnar.
Praktisk informasjon
Sogn kunstsenter er lokalisert i Lærdal kulturhus under same tak som Nasjonalt villakssenter, turistinformasjonen og Laksen bakeri & kafé. Det er fellesbillett til Sogn kunstsenter og Nasjonalt villakssenter.