Opplev kongevegen

Vindhella med guide

Fakta

Vanskelegheitsgrad
Enkel
Passar for
Alle
Tilgjengeleg
Dagleg 24. juni - 20. august

Kanskje eit av dei største ingeniørbragdene innan vegbygging. Kanskje den mest berømte delstrekninga av Kongevegen over Filefjell. Men Vindhellaskaret er så mykje meir.

Kvar dag klokka 14:30 vil ein guide ta deg med over Vindhella. Du får lære om Kongevegen og om bygginga av sjølve Vindhella, der krappe hårnålsvingar bugtar seg gjennom eit trongt pass.

Høyr om vegbygginga, om vegarbeidarane, om slavearbeid og avstraffing, om rekkverk og steinar, om fargar og kongar. 

Men også at Vindhellaskaret kan ha vore eit strategisk maktpunkt i gamal tid og den smalaste passasjen mellom aust og vest i Sør-Norge. Her er bygdeborg, truleg eldgamle forsvarsanlegg - og kanskje åstad for eit birkebeinerbakhald.

TID: 14:30 kvar dag
PERIODE: Frå laurdag 24. juni til og med søndag 20. august
SPRÅK: Engelsk og/eller norsk 

Start: Besøkssenteret ved Borgund stavkyrkje
Avslutning: Rimskjold
Lengde: Turen tek 45-55 minuttar

Buss frå Flåm kl. 13.15
Frå Aurland kl. 13.25
Frå Lærdalsøyri kl. 13.35
(bussen har retur etter opplevinga)

Buss frå Fagernes (NW162 månd.-laurd.) kl. 11.45 (frå Tyinkrysset kl. 13.35)
Buss frå Gol (VY170 dagleg) kl. 13.20

Kombinèr gjerne opplevinga med eit besøk i Borgund stavkyrkje.