Øye stavkyrkje er ei av dei minste stavkyrkjene i landet. Vakkert plassert ved vestre enden av Vangsmjøsa.
Kyrkja er ei perle; mykje innvendig er inntakt frå den katolske tida i Norge, med avskilt kyrkjerom mellom prest og kyrkjelyd. Og ho er den einaste stavkyrkja der dørene enno slår innover.
Grunnen er at kyrkja vart riven og gøymd unna før endringane kom i dei andre stavkyrkjene.
Den vesle stavkyrkja stod tidlegare nede på flatene mot vatnet, nesten ute på odden, eit stykke nordaust for der minnesteinen er sett opp. Til for nokre år sidan var gravene synlege.
Då nye Øye kyrkje vart bygd i 1747 «forsvann» den gamle stavkyrkja. Ingen visste kva som hadde skjedd med ho. Ikkje ein gong folk som var fødd tidleg på 1800-talet og som lokalhistorikar Knut Hermundstad hadde snakka med, visste noko om lagnaden til gamlekyrkja.
Men i 1935 måtte muren under nye-kyrkja reparerast. Før arbeidsfolka tetta att holet tok dei ein titt inn under kyrkjegolvet. Der låg det tremateriale!
Då dei fekk plukka fram alt, viste det seg at det var den gamle stavkyrkja. 156 delar av ho hadde blitt gøymd unna.
Etter kvart kom det ynskje frå Valdresmuseet på Fagernes om å få setja kyrkja opp att. Men kyrkja høyrde til i Øye, og der ville bygdefolket at ho skulle reisast att. Erik Øye ga bort tomt på Øyebakka, og prøvereisinga viste at det var mogleg å gjenskape kyrkja slik dei meinte ho hadde sett ut.
I 1965 stod kyrkja ferdig oppsett. Ho vart innvigd av biskop Alex Johnson.
NB: Er de ei gruppe og ønsker å sjå kyrkja utanom opningstida, ta kontakt med oss.