Opplev kongevegen

Borgund stavkyrkje

Borgund er stavkyrkja over alle stavkyrkjer. Det er den best bevarte og mest autentiske av alle stavkyrkjene i landet.

Kyrkja har mellom anna vore modell når andre stavkyrkjer skulle restaurerast.

Tømmeret til Borgund stavkyrkje vart hoggen vinteren 1180-1181. Kyrkja kan såleis ha stått ferdig like etter. Det er vanleg å datere ho til 1150-1200.

Eldste omtale av kyrkja er i 1331, då som «Mathios kirkia j Borghund». I dag er det vanleg å seie ho vart vigsla til St. Andreas.

Stavkyrkja var i bruk fram til 1868, då nye Borgund kyrkje stod ferdig like ved. Kyrkjegården er framleis i bruk.

Størsteparten av mellomalderkonstruksjonen i kyrkja er bevart. Kyrkja har skip, kor og apsis med svalgang rundt, og både skip og kor har heva midtrom og saltak.

Til kyrkja høyrer også ein frittstående støpul. Den fungerar som klokketårn for begge kyrkjene i dag. Støpulen er den einaste av sitt slag frå mellomalderen i Norge.

Delar av materialet i støpulen skal vere eldre enn stavkyrkja.

Kyrkja står på den opphavelege tufta. I 1969 og 1986 vart det utført bygningsarkeologiske undersøkelsar av kyrkja. Under golvet vart det funne spor etter bygningsdelar som kan stamme frå ei tidligare kyrkje på staden.

Stavkyrkja er ein svært populær turistattraksjon i dag.

I 2009 opna eit besøkssenter like ved. For å få tilgang til både stavkyrkja, museet, kafè og toalett, må du løyse billett i besøkssenteret.