Opplev kongevegen

Galdane og Sokni

Galdane er ein husmannsplass frå 1600-talet med bygningar frå midten av 1800-talet.

Dette er ein typisk vestlandsk husmannsplass som klamrar seg fast i bratt lende. Men med aust-norske bygningar, sokalla akershusiske stover.

Grunna Lærdal si plassering midt mellom aust og vest vart det bygd mange slike stover i dalføret Lærdal.

Galdane var busett fram til 1947.

Like ved renn den vakre fossen Sokni, eller Soknefossen (også kalla Galdanefossen). Den renn i små og store stryk nedetter fjellsida i omlag 400 meters høgde.

Du passerer både husmannsplassen og fossen når du vandrar på kongevegen. Men begge attraksjonane er også synleg om du kjem med bil på gamle E16 på andre sida av elva. Her er rasteplass.