Opplev kongevegen

Gamle Lærdalsøyri

Lærdal hadde alltid vore staden der valdrisar, hallingdøler, sogningar og nord-gudbrandsdøler møttes for varebyte, handel og stemne.

Kystfolket segla inn fjorden med fisk og salt. Austlendingane reid over fjellet med skinn, hud og kjøt.

Frå mellomalderen vart denne møtestaden plassert på Lærdalsøyri. Tettstaden vaks fram rundt den store marknaden som vart arrangert kvar haust her.

Første gong vi høyrer om Lærdalsmarknaden er i 1596, då harme valdrisar klaga til kongen fordi dei ofte kom for seint og til tomt bord. Dei kravde faste opningstider, og fekk det.

Kongen som kom dei i møte, og som dermed la grunnlaget for Lærdalsøyri som handelstad inn i moderne tid, var sjølvaste kong Christian IV (Kristian Kvart).

Kongebrevet vart viktig for den seinare utviklinga av Lærdalsøyri. Lærdalsøyri vart difor den første tettstaden/byen Christian IV reidde grunnen for, som 19 år gammal konge.

Ei stund var det tre store offentlege marknadar på Vestlandet utanom handelsbyen Bergen. Det var  Stavanger, Åndalsnes og Lærdal. Det var her handel og kulturutveksling, liv og røre føregjekk i den tidas samfunn.

Folk reiste langveisfrå for å kunne delta. Det var vanleg at tenestefolk hadde fri i fleire dagar for å kunne nytte seg av marknaden.

Slik vart Lærdalsmarknaden også ei stor kulturutveksling. I tillegg til handel kunne marknaden reknast som den største kappleiken på Vestlandet mellom landets beste felespelarar. Marknaden utvikla seg til ein nasjonal folkefest.

Marknaden kan vere grunnen til at hardingfela kom til Valdres, at hallingstilen innan rosemåling kom til Vestlandet og seinare at dølahesten kom til Sogn.

Men den vann seg også ry på anna vis. Den som kunne reise heim att med tittelen «Frikar på marknad'n» kunne vere «stolt». Han hadde unngått juling og samstundes banka opp alle utfordrarane.

Men med Kongevegen byrja staden å bli ein liten by. Og utviklinga eskalerte med etterkommaren Den Bergenske Hovedvej, samstundes om det kom veg over Hemsedalsfjellet og dampbåtruter på fjorden.

Fram til midten av 1800-talet eksploderte folketalet, handelen og mengda av bytypiske næringar på Lærdalsøyri.

I 1841 vedtok Regjeringa å gjere Lærdalsøyri om til by. Stortinget utsette saka, og ny handsaming kom av ukjende grunnar aldri opp att.

Eit minne frå denne tida har vi i trehustettstaden Gamle Lærdalsøyri. Tettstaden er verna og har om lag 170 trebygningar frå 17- og 1800-talet. 

Gamle Lærdalsøyri er sjeldan vare. Det fins knapt slike autentiske trehusstadar att i Norge. Som eit mirakel slapp Øyri unna storbrannen i Lærdal i 2014.

I dag har Gamle Lærdalsøyri små butikkar, kaféar, post- og telemuseum. Her kan du handle lokalmat, bakevarer, reiseminne, gåveartiklar, design og antikvitetar i gamle krambuer.

Eller setje deg ned på ein kafé og berre ta inn atmosfæren.

Av Odd Helge Brugrand/© Copyright Kongevegbedrifter Filefjell SA