Opplev kongevegen

Jutlamannen er eit troll med nasen i vêret.

Steinformasjonen i fjellet over Hønjum har mange segner knytt til seg, og kanskje hadde den ei funksjon knytt til ei kult i merovingertid/vikingtid (les: vikingleiren på Bjørkum).

Ei av segnene fortel om då Olav den heilage reid gjennom Lærdal i 1023 for å tvangskristne valdrisane. Skoen under den eine foten på hesten losna, og kongen måtte stiga av for å festa den att.

Då stod det brått ein jutul og ei gyger oppe i lia som skratta og lo av kongen.

Olav vart harm og skal ha svara: «Statt de der i stokk og stein, og ver ikkje folk til mein», medan han slo hammaren i ein stein like ved.

Både jutulen og gygra vart då til stein. «Gygra», som skal ha hatt eit barn på armen, ramla ned rundt 1800, mens Jutlamannen står mot himmelsynet den dag i dag. Steinen som kongen slo hammaren i, skal seinare ha komme til Husum, på hotelltrappa der.

Segna finst i fleire variantar. Som at trolla ikkje likte at kong Olav reid så nær fjella dei budde. Jutlamannen skal då ha gått ut or berget og ropa:

- Olav med ditt lange skjegg, du rir for nær min kjellarvegg!

Olav vart sint og ropa attende: - Statt du der i stokk og stein, til eg heimatt kjem!

Ei anna segn fortel at Odin laga to svarte merke med vognhjula sine i fjellet ved Ljøsnaveiti då han skulle vitja Jutlamannen.

Det mest kjende måleriet av Jutlamannen er i Fugleværelset på Slottet i Oslo, og er måla av Johannes Flintoe etter ei teikning han laga på tur gjennom Lærdal i september 1822.

På det offisielle brurebiletet av kronprins Haakon Magnus og kronprinsesse Mette Marit står dei framfor veggmåleriet med Jutlamannen.

Du ser Jutlamannen frå kongevegsruta ved Hønjum. Eller du kan parkere ved E16 og sjå og lese om trollet.