Opplev kongevegen

Leinekvernene

Kvar gard på Vennis i Vang hadde si eiga kvern plassert i Leinefossen i gamle dagar.

Gardskvernene vart brukt til å mala korn kvar vår og haust.

Men etter kvart gjekk dei ut av bruk fordi dei ikkje kunne mala fint nok mjøl.

På 1900-talet vart kvernene difor heller brukt til å mala malt til øl og korn til dyrefor.

Opphaveleg stod det 13 kverner her, men bortsett frå ei, gjekk alle tapt i eit jordras under storflaumen i 1860.

Fire av dei vart bygd opp att. I dag kan du difor vandre mellom fem historiske kvernhus og tenkje på kor mykje meir arbeid det var med det meste i gamle dagar.