Opplev kongevegen

«Nårekista» er ei stor delt steinblokk som i dag ligg ved Bjørkum.

Den låg opphaveleg ved kongevegen lenger framme, der den var «opna» - delt i to.

Namnet er frå norrøn tid og tyder likkiste.

Kista er 2,70 meter lang og 1,40 meter brei. Både botnen og loket er 80 centimeter tjukt.

Ei sagn ville ha det til at ei søkkrik kjempe, eller kanskje var det eit troll, låg i kista med alt sitt gods og gull.

Eit anna sagn seier det var kong Heilage Olav si matkiste, kanskje etterlatt her då han reid gjennom Lærdal for å tvangskristne valdrisane i 1023.

Der Nårekista låg ved kongevegen 400 meter lenger aust enn i dag, vart ho truleg sprengd i stykker av nysgjerrige kongevegarbeidarane då dei bygde vegen rundt hundreårsskiftet 1700/1800.

Vegarbeidarane vart i så fall skuffa.

Slik vart Nårekista liggande til ho vart flytt og sett saman her under utbetringa av E16 rundt 2010.