Kongevegbedriftene

Borgund Hyttesenter & Camping
Borgund hyttesenter (oversikt).jpg
Borgund hyttesenter (blomsterkasse).jpg
IMG_2319.jpg

Om Borgund Hyttesenter & Camping

Borgund Hyttesenter & Camping ligg sentralt til viss du ynskjer å gå turar eller sykle langs Kongevegen over Filefjell. Hjå oss får du informasjon om dei mest populære gå- og sykkelturane.

Praktiske opplysningar
Borgund Hyttesenter & Camping har hytteutleige, hytter med og utan dusj og toalett. Det er dyner og puter i hyttene. Dynetrekk, putevar og laken kan leigast på plassen. Hyttene er utstyrt for sjølvhushald. Det er cirka 2,5 kilometer til Borgund Nærbutikk langs Kongevegen. Ellers blir det servert middag 11:00 til 22:30 kvar dag. Alle hytter har TV. Gratis Wifi for alle som bur på plassen. For personar som har leigd hytte utan dusj og toalett og for dei som bur på campingplassen, har me sanitæranlegg med dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin for klede. Me har plass til cirka 40 campingeiningar med moglegheit til å ta ut straum. Det er gratis utlån av sykler og gratis aurefiske i Borgundsfjorden. Leikeplass med trampoliner og husker for barna.

Opplevingar
Borgund Hyttesenter & Camping ligg langs E16, to kilometer aust for Borgund stavkyrkje og 1,5 kilometer aust for «Vindhellavegen». Vil du ta deg ein gåtur ein kveld er dette fine plassar å besøke.

Vil du bruke heile dagar er det spesielt to rundturer som er populære:
Ein rundtur er Vindhellavegen-Sverrestien. Då kjem du tilbake til Borgund stavkyrkje som er Norges best bevarte stavkyrkje. Den andre populære rundturen er Galdane-Seltunåsen, med start frå til dømes «Sjurhaugsfossen» for å gå langs elva til Galdane som er en fin gammal husmannsplass i bruk fram til 1946. Herfrå kan du halde fram langs elva til Seltun gard. Der går du austover cirka 1 kilometer langs ein gå- og sykkelsti til en stad som blir kalla «Koret». Her går den «Bergenske Hovedvej» også kalla lokalt for «gamle Seltunåsen». Då kjem du tilbake til «Sjurhaugsfossen».

Borgund Hyttesenter ligg 7 kilometer vest for Borlaug. På Borlaug kan du besøke «Borgund bygdetun». Her kan du bestille omvisning.
Har du interesse for å gå i terrenget er det merka turstiar like ved Borgund Hyttesenter & Camping. Her kan du besøke fleire gamle stølar.
Har du med bil, er det ein fin tur å køyre ned til Lærdalsøyri og besøke Norsk Villakssenter, Sogn Kunstsenter, Motrikpark, Post- og telemuseum og gamle Lærdalsøyri.

 

gatekjokken-2016.jpg
Mat på Borgund Hyttesenter & Camping
Borgund hyttesenter (2 of 15).jpg
Bu på Borgund Hyttesenter & Camping
Ole Andre Voldum
(+47) 90 62 08 59