Tenester langs Kongevegen

Borgund Hyttesenter & Camping

På Borgund Hyttesenter kan du leige hytter i ulike storleiker til ulike prisar. Hyttene er utstyrt med og utan dusj og toalett. Hyttene har 3, 5 og 7 senger.

For alle som bur i hytter utan dusj og toalett og for campinggjester har me eit sanitærbygg med dusj, toalett og vaskerom med vaskemaskin for klede.

På campingplassen er det plass til 40 einingar med straum.

Hyttene kan du bestille her, eller ved å gå inn på heimesida vår. Omtale av hyttene og prisar finn du ved å gå inn på heimesida https://hyttesenter.com

Borgund Hyttesenter & Camping
Les mer
Ole Andre Voldum
(+47) 90 62 08 59