Kongevegbedriftene

IMG_4216.jpg
IMG_4261.jpg
IMG_4254.jpg
IMG_4251.jpg
IMG_4231.jpg
IMG_4210.jpg
IMG_4209.jpg
IMG_4202.jpg
IMG_4189.jpg
IMG_4184.jpg
IMG_4186.jpg
IMG_4181.jpg
IMG_4176.jpg
IMG_4160.jpg
IMG_4158.jpg
IMG_4258.jpg
IMG_4259.jpg

Om Eggum gard

Eggum gard er ein gamal tradisjonsrik gard med bygningar frå 1674 og hytter frå 1929.

Her finn du den eldste dokumenterte hytteturismen i Norge (ref. fylkeskonservator Gunhild Syrstad ca. 1995). Eggum bygde hytter mynta på rein turisme alt i mellomkrigstida.

Eggum gard legg vinn på å halde på særpreget ved garden og ynskjer å tilby eit roleg, behageleg og barnevenleg miljø. Her finn du også eit gardsmuseum.

Garden ligg midt mellom fjord og fjell. Og passar godt som utgangspunkt for turar på Kongevegen over Filefjell.

Turvegen Kongevegen går på fylkesvegen rett under garden, medan den originale kongeveglina går tvers gjennom tunet og fjøsen.

Det er fleire fine dagsturar i nærområdet utanom Kongevegen også. På garden kan du koma i kontakt med sau og lam.

Eggum har 5 utleigehytter av høg standard og som er fullt utstyrte.

Her er ein liten leikeplass for dei aller minste, og du kan leige syklar, eller fiske i ei fiskeelv kor du kan prøve lykken etter aure.

Eggum gard ligg cirka 400 meter frå nærbutikk, fotballbane og sandvolleyballbane.

I sentrum finn du også ei ridebane, der du kan bestille ridetimar.

 

IMG_4231.jpg
Bu på Eggum gard
Heile året
Alle
IMG_4167.jpg (1)
Rønnaug Jansen
(+47) 41 68 01 77 / (+47) 97 50 25 24