Kongevegbedriftene

Ellingbø Gard
IMG-8037.jpg

Om Ellingbø Gard

Rett opp for Vang kyrkje, med utsyn over vakre Vangsmjøsa og dei bratte vangsfjella, ligg garden Sørre Ellingbø.

Her står Olavstøga, eit toetasjes tømmerhus frå 1840-åra. I Olavstøga kan du bu i ei varm og gamaldags atmosfære med moderne løysingar. Tømmerhuset er klart for gjester frå seinsumaren 2020.

Turvegen Kongevegen går ikkje langt frå garden.

Du kan også bu på stølen vår på Helin, nokre kilometer frå garden. Her har vi ei lita tømmerhytte der vi har husa gjester sidan 2017. 

Rundt på stølslaget er det sau, storfe og hestar. Å delta på mjølkestellet er ei oppleving for liten og stor.

For mange er eit opphold på stølen som ei reise bak i tid, og ein stad der tida går litt saktare. Gards- og stølslivet er rikt på kultur og tradisjon, moderne dyrehald og friluftsliv.

Året rundt er det eit utal aktivitets- og turmoglegheiter her.

 

IMG-8053.jpg
Bu på Ellingbø Gard
Heile året
Par og familiar med born
thumbnail_IMG_5288[1].jpg
Eivind og Eli
(+47) 926 94 609