Kongevegbedriftene

Galleri Bryggja
IMG_4990.JPG
IMG_4801.jpg
IMG_4809.jpg
IMG_5010.JPG

Om Galleri Bryggja

I enden av Kongevegen finn du Galleri Bryggja. Her er kunstnarstaden til lokalkunstnaren Kristen Olav Grøttebø.

I første høgda finn du galleriet der du kan sjå, nyte og om du vil, kjøpe måleria til Kristen Olav. I andre høgda har han atelieret sitt. 

Grøttebø finn inspirasjon i lærdalsnaturen og arbeida hans endar som regel opp i ulike landskapsmaleri med motiv herfrå. Han utnyttar lyset og skuggane som vekslar så unikt på fjella og landskapet i Lærdal.

Om du stikk innom er Grøttebø enten i utstillinga i første etasje, eller han står og målar i atelieret i andre høgda.

Uansett; spør han og du får du ei innføring i kvart av bileta som er utstilt eller han fortel deg om kva han arbeider med for tida.

Galleri Bryggja har ope kvar dag mellom klokka 11-17.

Velkommen!



IMG_4986.JPG
Minikurs i måling på Galleri Bryggja
500,-
IMG_4822.jpg
Kristen Olav Grøttebø
(+47) 902 74 343