Låvemuseet er eit lokalt kvinnearbeidsmuseum og ei samling over levde liv langs Kongevegen, med eigen «herreavdeling» på kjørebrua.
Her kan du studere det meste av utstyr brukt av kvinner i heimen og i gardsarbeidet i gamle dagar. Her er tid for refleksjon og ettertanke, for å bla i gamle album og i aktuelle bøker. Og kanskje vil du prøve veven og studere handarbeidsteknikkar?
Tidsspennet i museet strekk seg over eit par hundre år.
Vi tek imot grupper på bestilling og etter avtale året rundt. 100 kroner per person, minimum 400 kroner, for ein time.
I tillegg til omvisning i museet, kan vi ta ein runde langs elva, langs etterkommaren av kongevegen (1859-vegen med årstall i fjellet og opp til fem meter høge murar), og studere det rike plantelivet, som mellom anna har orkidear.
- Ope kvar dag kl. 10-14 til og med 20. august 2023. Etter det kvar søndag på bestilling.