I Låvemuseet kan du studere det meste av utstyr brukt av kvinner i heimen og i gardsarbeidet i gamle dagar.
Museet ligg i Øvre Dalen ovanfor Øye, langs delstrekninga Øye stavkyrkje-Tyinkrysset.
Her er tid for refleksjon og ettertanke, for å bla i gamle album og i aktuelle bøker. Og kanskje vil du prøve veven og studere handarbeidsteknikkar?
Tidsspennet i museet strekk seg over eit par hundre år. Museet har også ein eigen "herreavdeling" med landbruk, jakt og gjenstander relatert til krigen.
Vi tek imot grupper på bestilling og etter avtale året rundt. 150 kroner per person, minimum 3 personar, for èin time.
I tillegg til omvisning i museet, kan vi ta ein runde langs elva, langs etterkommaren av kongevegen (1859-vegen med årstall i fjellet og opp til fem meter høge murar), og studere det rike plantelivet, som mellom anna orkidear.
- Ope kvar dag kl. 10-14 frå 22. juni til og med 16. august 2026. Etter det ope kvar søndag på bestilling.
