Vi skal på garnfisketur!
Oppmøtestad er ved Tyinkrysset der me saman køyrer lengre opp i fjellet. Etter cirka 10 minuttar køyretur parkerar me bilane og me startar gåturen mot fjellvatnet me skal til. Gåturen tek ca 20 minutter.
Vel framme hoppar me i båten og gjer oss klare til å trekkje garn. Når me er ferdige med alle garna sløyer me fisken før me vender attende til Tyinkrysset der du kan tilberede den i bakgården vår. Her kan du virkelig nyte fersk fjellaure!
Du velger sjølv korleis du vil tilberede den. Ulike former for grilling på bålpanna eller kva med å prøve å røyke den?
Dersom du vil kan du også bli med å sette ut garn dagen i førevegen. Dere er då med på heile prosessen innan garnfiske.
Garntrekkinga tek ca 3-4 timar.
Husk varme klede då det kan være kaldt i høgfjellet sjølv på sommaren. Vêret kan også snu veldig fort. Ta med klede du ikkje er redd for sidan vi skal reise garn og sløye fisk.
Det er plass til 3 gjester i båten.
Inkludert i opplevinga: Guide, fiske, fiskekort, flytevest og rykande ferskt auremåltid .
Det er mogleg å bestille overnatting separat ved Opplev Filefjell.
NB: Atterhald om vêrforholda!