Kulturstova er eit hus på Gamle Lærdalsøyri med historie, tekstilar, treverk og lyd. Nokon bur her i kvardagen. Likevel er det plass til å samlast, feire, øve, skape og bu.
Leige her
Huset kan leigast til små arrangement, feiringar og samlingar, når det passar. Det viktigaste er stemninga; godt rom, varme bord, og ein plass der folk faktisk får snakka saman.
Skape her
Korsongøvingar, små konsertar, lesingar - og alt som treng ein plass med god lyd og god energi. Kulturstova er ein stad der ting kan oppstå.
