I denne opplevinga syklar du forbi små sau- og geitegardar, stikker innom ein irsk pub på vegen, og ender opp ved kyrkja over alle kyrkjer.
Du møter guiden ved Borlaug, der E16 deler seg før Filefjell og Hemsedalsfjell, og hoppar på syklane som står ved Hi Borlaug. Turen ned gjennom Borgund går roleg langs gamle E16 (asfalt) gjennom ei typisk fjellandsbygd på det norske Vestlandet.
Guiden leiar an og på turen stoggar me nokre gonger for å høyre om livet i ei slik bygd, historie og kulturhistorie, kvardagsliv, folkeliv og fest.
Me skal sjå grava til, og høyre om, vikingkongen Spenning, me skal kikke på kunsten til ein motorsagkunstnar - og mykje meir.
Me besøker også bygdas samlingspunkt, den irske puben, og høyrer historia om dei 5 lokale menn som starta denne vatnhola. Her kan du kjøpe deg noko å leske deg på, før sykkelturen går vidare under hengebjørker på det som ein gong var Rv. 60 og endar opp ved Borgund stavkyrkje.
Her takkar guiden for turen og du kan besøke Norges nasjonalskatt, Borgund stavkyrkje.
MILJØPROSJEKT: Syklane er brukte. Og ikkje berre det. Dei er fysisk blitt redda ut av søppelkontainaren, reparert og fiksa, og gitt eit nytt liv her i Borgund. I denne pakka deltek du i bærekraftig og sirkulær turisme.
TID: klokka 12.00 eller etter avtale
PERIODE: 20. juni til 20. august, eller etter avtale
PRIS: 690,- NOK per person
SPRÅK: Engelsk eller norsk
Start: Borlaug, ved Hi Borlaug
Avslutning: ved Borgund stavkyrkje
Lengde: Turen tek 2 til 2,5 timar
Påmelding: Kun for grupper. Bestill med å skrive e-post til oss