Vi er så heldig at nokre av dei mest imponerande og turvenlege delstrekningane på Kongevegen ligg like ved Borgund stavkyrkje.
Her kan du vandre på Vindhellavegen – eit av Europas mest kjende veganlegg - eller gå rundturen Vindhella-Sverrestigen.
Eit lite stykke nedover frå Borgund stavkyrkje finn du Sjurhaugsfossen som er ein flott start for ein tur på Galdane eller rundturen Galdane-Seltåsen.
Velkomen til Borgund stavkyrkje
Borgund stavkyrkje (cirka 1180) er Norges best bevarte stavkyrkje. Kyrkja ligg sentralt plassert i forhold til Kongevegen over Filefjell.
Opningstider 2026
Open dagleg 09:30–17:00
Sesong 15. april – 14. oktober
15.oktober 10:00-14:00
Stengt 17. mai og 6-7. oktober
Prisar 2026
Vaksne: 150,- kr.
Senior (65+): 130,- kr.
Familiebillett
(foreldre og barn u/16): 350,- kr.
Studentar: 100,- kr.
Born under 16 år: 100,- kr.
I besøkssenteret er det kafé.
Velkommen til Borgund
