Opplev kongevegen

Sykkelutleige

Lyst til å sykle grus- eller asfaltstrekningane av Kongevegen? Eller berre leige deg ein sykkel og utforske området frå sykkelsetet?

Kongevegen leiger ut syklar frå fire sykkelstasjonar.

I Lærdal (vest for Filefjell):

  • Borgund sentrum
  • Borlaug

I Vang (aust for Filefjell):

  • Øye (i Krokasvingad'n)
  • Hemsingbrue 

Dagleige er 250 kroner per sykkel.

Syklane er tilgjengelege kvar dag frå klokka 09.00. Ver venleg å levere syklene tilbake i stasjonen innen klokka 19.00 samme dag.

Etter at du har funne deg ein sykkel, sørg for at vaieren er innom alle gjenværande syklar på stativet før du lukker kodelåsen. Hent deg ein hjelm i trekassa og lås igjen. 

Koden til låsen får du i voucher tilsendt din e-post etter bestilling.

Når du kjem tilbake til stasjonen, set sykkelen i stativet, sørg for at vaieren er innom alle syklane, lukk kodelåsen og snu litt på kodetalla. Legg hjelmen i trekassa og lås igjen på samme viset.

GOD TUR!

BAKGRUNN: Når du leiger sykkel hjå Kongevegen blir du ein del av eit miljøprosjekt. Samtlege syklar er brukte, og ikkje berre brukte, dei er jamvel blitt redda frå søppelcontaineren. I samarbeid med Resirkula, som er eit nytt gjenbrukskonsept beståande av fleire bruktbutikkar, er syklane blitt reparert og satt i stand att, og gitt eit nytt liv langs Kongevegen over Filefjell. Difor vil du finne striper og skavankar på syklane ❤️

Kongevegen over Filefjell skal vere ein berekraftig destinasjon. 

NB: Syklane skal ikkje nyttast på dei verna delstrekningane. Sykkeltilbodet er meint for deg som vil sykle grus- og asfaltstrekningane eller utforske Øye, Vang, Borgund og Lærdal frå sykkelsetet.