I 2009 fann arkeologane ein verkstadleir frå tidleg vikingtid som dei framleis klør seg i hovudet over.
Ved informasjonstavlene ved Bjørkum kan du lese om det oppsiktsvekkjande funnet frå cirka år 700-850 e. Kr.
Nett her ved tavlene stod leiren, cirka 15 kilometer frå Sognefjorden.
Hundretusenvis av bein, det aller meste gevir frå rein, og kambar, vevutstyr, glasperler, nøkkel og dyregraver etter ei mogleg kult, var berre noko av det arkeologane fann i 2009.
Oppsiktsvekkjande var også talet på sokalla grophus på staden. Ein sjeldan gong kan ein finne eitt grophus. På Bjørkum var det 13-15.
Ein av dei flottaste vikingkammane i verda vart funnen i jorda her.
Kammen hadde ei runeinnskrift: «Øystein lagde denne».
Denne Øystein må ha vore ein av dei fremste kammakarane i landet i si levetid.
Funnet av Bjørkum vart karakterisert som rikt og spesielt. Den dag i dag manglar forskarane klare begrep og modellar for å beskrive ein stad som Bjørkum.
Kopi av gjenstandene kan du sjå i besøkssenteret ved Borgund Stavkyrkje.