Opplev kongevegen

Beskrivelse

Vangssteinen utanfor porten til Vang kyrkje er ein runestein frå byrjinga av 1000-talet.

Runesteinen er også kjent som en bildestein på grunn av den omfattende dyreornamentikken. 

Langs høgre side har steinen ei innskrift i yngre runer (kortkvistruner) som tyder:

kosa:sunir:ristu:s(t)in:þinsi:af(t)ir:kunar:bruþur:sun

Omskrive til norrønt blir det:

Gása synir reistu stein þenna eptir Gunnar, bróðurson

Oversatt til moderne norsk blir det:

«Gåses sønner reiste denne stein etter Gunnar, (sin) brorsønn»

Bildemotivet består av bånd og bladfliker som dannar ein rosettkross eller stilisert tre. Øverst er motivet av ein stilisert løvefigur. Alle motiva er laga i klassisk Ringerikestil.

Eit brotstykkje av ein stein fra Ål i Hallingdal har likheitstrekk med motivet på denne steinen.

Ofte blir Vangssteinen samanlikna med den største av Jellingsteinane i Danmark. Denne har eit motiv kor visse formelementer er sammenliknbare.

Steinen er av ein skifrig bergart. Den har en irregulær form og er 2,15 meter høg, 1,25 meter brei og 8-13 centimeter tjukk.

Steinen sto inntil 1840-tallet utanfor Vang stavkyrkje. Då kyrkja vart reven og flytta til Karpacz i Polen, vart steinen flytta til kyrkegardsporten ved Vang kyrkje, der den står framleis.