Opplev kongevegen

Øygardsvegen

Fakta

Tidsbruk
1t
Avstand
2,6 km
Vanskelegheitsgrad
Middels
Passar for
Alle
Tilgjengeleg
Mai - oktober

Øygardsvegen er strekninga mellom superkjendisane Galdane og Vindhellavegen.

Men det er det ingen grunn til å miste synet av denne vakre vegen av den grunn.

For også delar av Øygardsvegen bøyger seg av gårde på murar over nes og bergknabbar. Dei er kanskje ikkje så imponerande som i Vindhella og over Seltunåsen. Men noko av det spektakulære er at den moderne E16-tunnelen «Borgundstunnelen» er sprengt inn rett under murane.

Mens du går på 200 år gammal oppmurt kongeveg, suser altså vogntoga inn i tunnelen rett under deg.

Øygardsvegen går også forbi gamle bruer, gamle gardar, skysstasjonar og gravfelt frå jarnalderen - for å nemne noko i dette rike kulturlandskapet.

 

SPOR FRÅ OLDTIDA

Går du vestover, byrjar du der du slapp då du var ferdig med Vindhellavegen. Frå Rimskjold (parkering) følger du gamle E16 ein knapp kilometer på asfalt forbi den gamle skysstasjonen Husum. Ved Rimskjold er det toalett bak hjørnet på ungdomshuset. 

Før brua tek du av til høgre og inn på den autentiske kongevegsleia.

Men før du gjer det, ta ein liten tur (30 meter) bort til gamle Nedre Kvame bru. Dette er ei nydeleg steinkvelvingsbru frå 1863 som erstatta Steine bru som gjekk med i 1860-storflaumen lenger nede i dalen. 

Det betyr at Øygardsvegen du skal inn på, var i drift til denne brua kom i 1863.

Lenger nedover ser du garden Nedre Kvame over elva på venstre side. Den store sletta til høgre for garden har eit stort gravfelt frå jarnalderen.

Mange graver er vekke i dag, mellom anna grunna vegbygginga i 1863, likevel ser du eit titals gravrøyser mellom beitande kyr.

 

BRONSEALDER

Etter kvart kjem du ned til garden Spangelo. Her skal du gå forbi det vesle raude uthuset, og vidare ned på baksida av den raude driftsbygningen (sjå bilde), på jordet langs gjerdet.

I enden av jordet har arkeologane funne eit gardstun frå bronsealder. Smiene var spesielle og var ikkje blitt oppdaga i Norge inntil då. Men dei prova at alt for 3500 år sidan produserte folk ting av bronse akkurat her.

Bronsen må ha komme frå kontinentet. Det gjev oss nokre tankar om kor eldgammal og rik ferdsla gjennom Lærdal har vore.

I bergknabben oppetter her, kalla Øygardskleivi, vart vegen i 1790-åra lagt der den gamle vegen gjekk. Men det var vanskeleg og gjere strekninga farbar for hest og kjerre, og strekka vart ei stund etter at ho var ferdig, kalla «yderst farleg».

Vel 50 år seinare vart det bestemt at vegen skulle leggast rundt neset nedunder, på murar.

Men der var fjellet full av sprekker, og det vart til slutt dyrt å minere seg gjennom fjellet. Det er denne vegen du går på, men originalen går like ovanfor. Gå begge. Det er berre ein liten rundtur. Her oppe på Øygardskleivi er også staden der vogntoga susar inn i Borgundstunnelen rett under deg.

 

ROMERSK SØPPELPLASS

Vegen går vidare på kongeveg på murar og seinare grasmark ned til garden Nedrehegg. Midt på gardstunet fann arkeologane i 2016 ein mødding, eller søppelplass om du vil, frå romartida.

Frå Nedrehegg går du 300 meter på grusveg fram til Sjurhaugen der neste delstrekning, Galdane, startar.

Det er rasteplass, toalett og parkering ved Sjurhaugen (over brua).

Går du bort dit kan du titte over kanten og sjå jettegrytene i elva.

Sjurhaugsfossen var tidlegare siste stogg for lærdalslaksen, og det var ein turistattraksjon å sjå laksen hoppe i fossen.

Han gjer det av og til enno. Kanskje er du heldig og får sjå den danse?

© Copyright Kongevegbedrifter Filefjell SA