Bestill turpakke

Kongevegen Heile Vegen - 5 dagar

Vikinghøvdingar, mellomalderkongar og danskekongens embetsmenn. Alle hadde èin ting til felles då dei reiste mellom aust og vest; dei måtte gå til fots over Filefjell. Er vi like gode som forfedrane våre? Gå Kongevegen heile vegen, frå Valdres til Lærdal!

Ok, biskop Pontoppidan vart dregen på kjelke over fjellet av lokale bønder og husmenn i 1749, ikkje berre ein, men to gonger. Ellers er det føttene alle menn og kvinner har nytta på reisa på tvers av landet vårt. 

I denne minnerike femdagarsturen tek du beina fatt og går frå Austlandet til Vestlandet. Du startar i innlandsdalen Valdres, går over høgfjellet og ned den dramatiske vestlandsdalen Lærdal. Nokre etappar er på sykkel, nokre til fots. Til slutt ender du på Gamle Lærdalsøyri ved Sognefjorden. Undervegs overnattar du i hotell og hytter.

I mellomtida fraktar vi som bur her bagasjen din. Nett slik vi gjorde med Pontoppidan 😃

Dag 0 (Ettermiddagstur/kveldstur over Kvamskleive 4,7 km.)

Eventyret startar rett etter innlosjering med kveldstur over sagnomuste Kvamskleive som dei reisande på 1800-talet kalla «stupbratt» og «livsfarleg». Turen går forbi lensmannsgarden som heldt meistertjuven Gjest Baardsen fengsla.

Dag 1 (Vennisvegen på sykkel 18 km. og Øye-Tyinkrysset 12,3 km)

Me hjelper dykk tilbake til Neset og sykkelstasjonen. Du startar dagen med å sykle Vennisvegen langs idylliske Vangsmjøse til Øye stavkyrkje. Frå stavkyrkja går turen til fots opp austsida av Filefjell.

Dag 2 (Tyinkrysset-Kyrkjestølen 7 km. og Kyrkjestølen-Maristova 10,7 km)
Du kryssar over vidgjetne Filefjell med praktfull utsyn mot fjellheimen heilt inn til Hurrungane. Du passerer den gamle stiftsgrensa, følger i spora etter dei norske sagakongane - og alle andre som har skapt historia vår.

Dag 3 (Maristova - Borlaug 7 km. og Borlaug-Borgund på sykkel 10 km)
Du er komen til Vestlandet. Turen går ned vestsida av Filefjell til fots. Frå Borlaug øvst i Lærdal hoppar du på sykkel og trillar ned til Borgund. Det dramatiske landskapet opnar seg gradvis framføre deg.

Dag 4 (Resten av Borlaug-Borgund, Vindhellavegen, Øygardsvegen og Galdane 13 km.)
Kongevegens høgdepunkter på rekke og rad: Dei vidkjende, frykta og umåteleg vakre delstrekningane Vindhella, Øygardsvegen, Galdane. Og midt i mellom dei: Nasjonalskatten Borgund stavkyrkje.

Dag 5 (Gamle Lærdalsøyri - heimreise)
Sjekk ut. Tid til utforsking på eiga hand. Gamle Lærdalsøyri. Små kafear og butikkar. Heimreise.

Trykk på «Turdetaljer» eller «Pris» eller «Reise» oppe for meir informasjon.

 

 

 

 

 

ANKOMSTDAG:

Om ettermiddagen/kvelden går du første etappe av Kongevegen, den sagnomsuste Kvamskleive, som vart teken i bruk i 1808. Deler av vegen vart frykteleg bratt og reisande kalla det dei såg under seg for «avgrunn» og «livsfarleg». 

På turen over kleiva kan du stikke nedom gamle Kvam lensmannsgard. Ta pause i tunet der historia sit i veggane. Berre hugs å ikkje røyke eller bruke open eld, og ta omsyn til husdyra, er ønsket frå folket på garden.

I enden av Kvamskleive er du komen ned att til gamle E16. Her er rasteplass og toalett. Vertane kan hente deg når du er komen fram.

DAGEN ETTER, VANDREDAG 1:

  • Strekningar: Vennisvegen og Øye-Tyinkrysset
  • Framkomstmåte: Sykkel og til fots
  • Underlag: Litt asfalt, grus, gras. Øye-Tyinkrysset er autentisk kongeveg
  • Lengde: 18 km. (sykkel) og 12,3 km. (til fots)
  • Tid: 4-6 timar
  • Du overnattar på: Filefjellstuene (eller Opplev Filefjell)
  • Toaletter: Utedo ved Fløgstrondi før Tyinkrysset
  • Framdrift: Retning- og infoskilt langs vegen. Turkart her

Eventyret held fram etter frukost og smøring av nistepakke i Rogn sitt 200 år gamle stabbur eller i matsalen på Sommerhotellet. Du startar dagen med sykkel. Sykkelstasjonen er ved Neset i den austre enden av Kvamskleive der du var kvelden før. Det er parkering for bilen din her, og den kan stå til du er ferdig med turpakka. Har du ikkje bil, kan du høyre med verten og dei vil hjelpe deg.
Ved sykkelstasjonen velger du sykkel. Koden til låsen har du fått tilsendt. Det er samme kode til syklane som til trekassa. Etter at du har tatt ut ein sykkel, sørg for at vaieren er innom alle gjenværande syklar på stativet (enten innom hjulene eller sykkelramma) før du lukker kodelåsen. Hent deg ein hjelm i trekassa og lås igjen. I kassa finn du også pumpe og umbraconøkkel om du treng å regulere setet o.l.
Så følger du gamle E16 austover 330 meter. Rundt svingen tek du lokalvegen til venstre over brua (Hemsingbrue). Så syklar du den neste delstrekninga, som er Vennisvegen. 
Turen startar først med knappe 3 kilometer bratt motbakke - det er mogleg du gjer best i å trille sykkelen - men straks etter får du ein enkel og vakker sykkeltur gjennom bygdene på nordsida av Vangsmjøse. Hugs berre å ta av mot Vennis og Øye (gule skilt) i krysset 1,8 km. etter start. Vennis-området er kjent for landskapet, kulturminna og strandlinja. Ein roleg sykkeltur til Øye tek eit par timar.

PS: Sykkel er inkludert i pakka, men ønsker du ikkje å sykle, kan du ta buss (rute 138 mot Tyinkrysset, hund tillatt, ikkje laurdag/sundag) eller Øst/Vest-ekspressen(rute NW 162, hund ikkje tillete). Stig av på første stopp etter Rødølstunnelen og gå 6-700 meter langs gamle E16 tilbake mot Øye. Etter svingen tek Kongevegen av til høgre ved det okergule huset. Det kan også vere mogleg å sitje på med bagasjetransporten. Spør vertane.

Når du kjem fram til Øye stavkyrkje er sykkelturen over. Sykkelstasjonen er oppe ved «Kulturstøga» (det brune bygget) på motsett side av vegen. Set sykkelen i stativet, sørg for at vaieren er innom alle syklane (enten innom hjulene eller sykkelramma), lukk kodelåsen og snu litt på kodetalla. Legg hjelmen i trekassa og lås igjen på samme viset.
Besøk gjerne den vesle kyrkja som vart funnen att under eit golv for snart 90 år sidan. 
Frå stavkyrkja held turen på Kongevegen fram til fots. Du går 1,5 km. langs gamle E16 opp til rasteplassen ved Krokasvingadn. Så held du du fram på delstrekninga Øye-Tyinkrysset. Starten er ved det okergule huset. Følg skilta. Herfrå går du i hovudsak på original kngeveg i kupert terreng og på grasdekke opp mot Tyinkrysset. Ved Tyinkrysset går Kongevegen gjennom hyttefeltet, og før du byrjar å gå oppover igjen møter du ein kryssande grusveg. Ta til venstre, gå over trebrua «Grøvstølbrue» og opp til Filefjellstuene 400 meter unna. Bagasjen din er blitt frakta hit. Filefjellstuene serverar 3-retters middag kvar dag kl. 19:00 (bordbestilling seinast kvelden før om du ikkje har kjøpt middag inkl. i turpakka). Det er også mogeleg å kjøpe middag på Tyinkrysset Fjellstue (middag er ikkje inkludert i pakkeprisen).

VANDREDAG 2:

  • Strekningar: Tyinkrysset-Kyrkjestølen og Kyrkjestølen-Maristova
  • Framkomstmåte: Til fots
  • Underlag: Litt asfalt, grus, gras, autentisk kongeveg
  • Lengde: 7 km. og 10,7 km.
  • Tid: 4-5 timar
  • Du overnattar på: Maristuen Fjellferie på Maristova
  • Toaletter: Utedo ved Grimhamarstølen (like etter start), Kyrkjestølen og Maristova
  • Framdrift: Retning- og infoskilt langs vegen. Turkart her

Etter frukost tek du fatt på sjølve fjellstrekninga over Filefjell med praktfull utsikt over Filefjell, Suletind og jamvel Hurrungane på fine dagar. Du går på original kongeveg og passerar det høgste punktet, 1250 m.o.h., samt den gamle stiftstøtta mellom Akershus og Bergens stift. 
Du overnatter i hyttene til Maristuen Fjellferie. Bagasjen din er blitt frakta hit. Du får ikkje kjøpt middag på Maristova, men verten tilbyr enkle middagsretter du kan kjøpe og lage sjølv i hytta (rettar frå Haugen Gardsmat) og litt anna kolonial.
Her på Maristova kan du få ei omvisning i Margrethestova (1792) der vegmeistar C. J. Hammer budde då han leia bygginga av Kongevegen (ikkje med i pakkeprisen).

VANDREDAG 3:

  • Strekningar: Maristova-Borlaug og Borlaug-Borgund
  • Framkomstmåte: Til fots og på sykkel
  • Underlag: Gras, noko sti, asfalt, første del er aut. kongeveg
  • Lengde: 7 km. og ca. 10 km.
  • Tid: 3 timar
  • Du overnattar på: Eggum gard (Tufte gard eller Borgund hyttesenter)
  • Toaletter: WC ved Borlaug og ved sørvissenteret Borgund (begge E16 vegtoalett) 
  • Framdrift: Retning- og infoskilt langs vegen. Turkart her

Etter frukost i hytta startar vandringa ned til Borlaug med Brattebakken bru som ein attraksjon. Turen går på autentisk kongeveg, natursti og litt asfalt.
Vel nede ved Borlaug kjem du til Borlo Bygdetun som har over 20 bygningar med utstillingar som viser mangfaldet i fjellbygda Borgund.
Her går du til sykkelstasjonen og velger deg ein sykkel. Stasjonen finn du på andre sida av E16, ved HI Borlaug (stasjonen kan vere vanskeleg å sjå frå Kongevegen, men du finn den så fort du er ved Hi Borlaug). Koden til hengelåsen har du fått tilsendt og er den samme som då du sykla første vandredag. Det er samme kode til trekassa. Etter at du har funne deg ein sykkel, sørg for at vaieren er innom alle gjenværande syklar på stativet (enten innom hjulene eller sykkelramma) før du lukker kodelåsen. Hent deg ein hjelm i trekassa og lås igjen. I kassa finn du også pumpe og umbraconøkkel om du treng å regulere setet o.l.
Så syklar du den neste delstrekninga, Borlaug-Borgund stavkyrkje, først litt langs E16, deretter langs gamle E16.

OBS OBS: Ver ekstra forsiktig når du går over E16 til sykkelstasjonen og når du syklar langs E16 ned til krysset mot Borgund! For din eigen tryggleik ber me deg trille sykkelen den korte kilometeren ned til krysset.
Frå krysset syklar du forbi små vestlandsgardar med beiteland for sau og geit. Fleire campingplassar ligg her, som Steinklepp camping.

Sykkel er inkludert i pakka. Vil du likevel gå, held ruta til Kongevegen fram ned gjennom bygdetunet. Du må gå langs kanten av E16 eit stykke ned til der fylkesvegen tek av mot Borgund. Herifrå går turvegen Kongevegen på gamle E16 gjennom Borgund. 

Etter kvart kjem du til Borgund sentrum. Sykle til sykkelstasjonen (du ser den til høgre kloss i vegen). Set sykkelen i stativet, sørg for at vaieren er innom alle syklar (enten innom hjulene eller sykkelramma), lukk kodelåsen og snu litt på kodetalla. Legg hjelmen i trekassa og lås igjen på samme viset.
Så går du tilbake til Eggum gard der du skal overnatte. Garden med gule sjølvbetjeningshytter er lett synleg ovanfor sentrum. Vertskapet tilbyr enkle middagar du lagar sjølv på hytta (type Fjordland). Evt. handlar du i Borgund nærbutikk eller kjøper mat på Postaabneriet pub og kafé som begge ligg like ved. Bagasjen din er frakta hit. Alternativt overnattar du i Tufte kårhus, som ligg om lag èin kilometer før du kjem til Borgund sentrum. 

VANDREDAG 4:

  • Strekningar: Resten av Borlaug-Borgund, Vindhellavegen, Øygardsvegen og Galdane
  • Framkomstmåte: Til fots
  • Underlag: Først noko asfalt. Grus, gras. Autentisk kongeveg
  • Lengde: 13 km.
  • Tid: 4-5 timar
  • Du overnattar på: Hotell, gjestehus eller krambuer på Lærdalsøyri. Stad blir sendt til deg
  • Toaletter: Sørvissenteret Borgund (like etter start), tørrdo botnen av Vindhella, WC ved Sjurhaugen (E16 vegtoalett), utedo ovanfor Galdane husmannsplass
  • Framdrift: Retning- og infoskilt langs vegen. Turkart her

Etter frukost i hytta skal du oppleve dei mest berømte strekningane av Kongevegen: VindhellavegenØygardsvegen og Galdane, og du kan besøke Borgund stavkyrkje.
Frå Eggum går du ned til Borgund sentrum og 500 meter vidare vestover til du møter krysset som fører inn på E16. Du skal ikkje dit, men heller gå rett fram og inn på det som ein gong var riksveg 60. Hald fram til du går gjennom tunet til Borgund hyttesenter og camping ein god kilometer seinare. Her er det gatekjøken.
Hald fram gjennom nok eit gardstun og vidare til krysset ved E16-tunnelen. Du går inn på vegen som går over tunneltaket og inn på gamle E16 ned til Borgund stavkyrkje. For å få tilgang til stavkyrkja, utstillingane, kafé og toalett må du løyse billett i besøkssenteret.
Deretter ventar Vindhellavegen. Enten går du bak den raude kyrkja og opp til Vindhellavegen. Eller du kan nyte heile strekninga med å gå 300 meter tilbake dit du kom frå på gamle E16, og byrje Vindhellavegen der den eigentleg startar. Nyt gamal vegbyggarkunst!
Vel nede frå Vindhellavegen, ved Rimskjold, held du fram på gamle E16 cirka 500 meter på asfalt til du byrjar på Øygardsvegen. Delar av vegen bøyger seg av gårde på murar over nes og bergknabbar, og forbi gamle bruer, gardar og gravfelt frå jarnalderen, til du møter ein annan av dei sagnomsuste strekningane på Kongevegen; Galdane. Denne har alltid blitt rekna for å vera mellom dei vanskelegaste og farlegaste. Galdane er full av myter og opplevingar og har gitt inspirasjon til mangt eit kunstverk.
Ta gjerne ein matpause på husmannsplassen Galdane som strekninga har fått namn etter. Etterpå går du vidare langs Lærdalselvi til Seltun der Kongevegen møter E16.
Her er vandringa over. Du går nokre få meter austover til busslomma ved E16 og tek rutebuss til Lærdalsøyri. Alternativa er:

  • Klokka 14.20 (NW162 dagleg) til Håbakken kl. 14.30 Vidare med VY450 kl. 15.05 eller VY170 kl. 15.10 til Lærdalsøyri.
  • Klokka 14.55 (VY170, dagleg)
  • Klokka 17.59 (NW162, kun søndagar) til Håbakken, rute 138 vidare til Lærdalsøyri 18.43.
  • Klokka 18.23 (rute 138 månd.-fred.) direkte til Lærdalsøyri 18.50
  • Klokka 18.23 (NW162 ) til Håbakken kl. 18.35 (dagleg 01.07. til 11.08), bytte til ovannemde rute 138
  • Klokka 20.20 (VY170, dagleg)
    (Atterhald om ruteendringar)

Du overnattar på Sanden pensjonatLindstrøm hotel, Gamle Lærdalsøyri Leiligheter eller Den Gule Krambua på Gamle Lærdalsøyri. Eller ved Sognefjorden og Lærdal HotellDu får tildelt overnattingstad etter kva som er ledig og du blir varsla i ein eigen epost. Hit er bagasjen din blitt frakta. Gamle Lærdalsøyri er eit av Norges best bevarte trehusmiljø frå 17- og 1800-talet med om lag 170 trebygningar. Små butikkar, som Smak av Sogn landhandel, kafear, aktivitetar som målekurs på Galleri Bryggja eller guida omvisning.

PRIS PER PERSON 2024: 👍
Om 4 eller fleire reiser saman: 5 990,- NOK
Om 2-3 personar reiser saman: 7 470,- NOK
Om du reiser åleine: 9 995,- NOK

I PRISEN FÅR DU: 👍
5 overnattingar i hytter, hotell, pensjonat, leilighet eller hotellrom
4 vandredagar (2 av dei miks mellom vandring og sykkel)
5 frukostar
4 lunsjpakker som du smører sjølv
4 kaffe/te til termos til vandringane
Evt. transport til start ved Kvamskleive ankomstdag og første vandredag
4 bagasjetransportar (tilgjengeleg berre i turpakker som denne)
2 x lån av sykkel til 2 delstrekningar
2 x lån av sykkelhjelm
Sengeklede, håndklede alle overnattingar
Utvask rom/hytte

IKKJE INKLUDERT I PRISEN:
Middagar
Evt. kveldsmat
Tillegg for hund
Tillegg for evt. splitting av senger
Omvisning i museum, bygdetun, fjellstover, kyrkjer undervegs
Guide/historieforteljing
Evt. retur tilbake til bilen avreisedag

PS: Er du ei større gruppe eller treng hjelp til bestillinga? Skriv til info@visitkongevegen.no

 

ANKOMST:
Du køyrer med eigen bil til Vang i Valdres og sjekkar inn der du skal bu. Eller du tek direktebuss frå Bergen (NW 162 Øst-Vest Xpressen) eller frå Oslo (NW 160 Valdresekspressen) som passar med innsjekk i turpakka. Bussrutene følger E16.


AVREISE:
Dersom du parkerte bilen der du starta kan du ta rutebuss tilbake til bilen på følgjande måte (ikkje inkl. i pakkeprisen):

  • Kongevegbussen går frå Lærdal rådhus til Tyinkrysset kl. 08:30 dagleg 
  • Rute 138 frå Lærdal rådhus kokka 11.00 (månd.-fred.). Er ved busslomma Vangsnes nær Rogn camping ca. klokka 12.38, Neset ca. 12.35.
  • VY170 frå Lærdal rådhus klokka 12.25 (dagleg). Korresponderar med NW162 på Håbakken kl. 12.37, som tek deg vidare og er ved stopplass nær Rogn camping cirka klokka 14.39. Neset cirka 14.37.

Rutebussar mot Oslo og Bergen (ikkje inkludert i pakkeprisen):

  • VY170 går frå Lærdal rådhus til Oslo fleire gonger i døgnet
  • MW420 går frå Lærdal rådhus til Bergen kl. 07.25
  • VY450 går frå Lærdal rådhus til Bergen kl. 10.45
  • NW162 Øst Vest-Xpressen frå Håbakken til Bergen 

    (atterhald om endringar)

 

LOGO KONGEVEGKRONA.jpg
Ansvarleg
Visit Kongevegen
Send e-post