Opplev kongevegen

Ljøsne - Lærdalsøyri

Fakta

Tidsbruk
2 - 2,5t
Avstand
9-12 km.
Vanskelighetsgrad
Enkel
Passer for
Alle
Tilgjengelig
Året rundt

Beskrivelse

Heile delstrekninga Lærdalsøyri-Ljøsne går på asfalt. Den autentiske kongevegen ligg i stor grad under dagens E16 og Rv. 5.

Frå Lærdalsøyri startar Turvegen kongevegen ved den gamle jektehamna på gamle Lærdalsøyri. Den går vidare gjennom hovudgata på Lærdalsøyri (her gjekk også kongevegen) og gatene opp til sjukehuset, og vidare langs fylkesveg 271 til Voll bru. Ver merksam på skiltinga ved Voll bru. Deretter går du fylkesveg 272 opp til Ljøsne.

Les detaljane i «Slik vandrar du»-avsnittet under. Sjå også kart og følg skiltinga undervegs.

 

RIK HISTORIE

På Lærdalsøyri ser du kva verknad kongevegen hadde på lokal utvikling. Ein liten by vaks fram ved fjorden.

Lærdal hadde alltid vore staden der valdrisar, hallingdøler, sogningar og nord-gudbrandsdøler møttes for varebyte og handel. Kystfolket segla inn fjorden med fisk og salt. Austlendingane gjekk over fjellet med skinn og kjøt.

Difor må det alltid ha vore ein ladestad der Lærdalsfjorden til ulike tider har møtt land.

Frå mellomalderen av var denne staden Lærdalsøyri. Tettstaden vaks fram rundt den berømte Lærdalsmarknaden som vi høyrer om første gong i 1596.

Sidan vaks Lærdalsøyri fram som marknadsplass og strandsitjarstad. Men med kongevegen byrja staden å bli ein liten by. Og utviklinga eskalerte med etterkommaren Den Bergenske Hovedvej, samstundes om det kom veg over Hemsedalsfjellet og dampbåtruter på fjorden.

Fram til midten av 1800-talet eksploderte folketalet, handelen og mengda av bytypiske næringar på Lærdalsøyri.

Denne «byen» fins framleis, og blir i dag kalla Gamle Lærdalsøyri. Tettstaden er verna og har om lag 170 trebygningar frå 17- og 1800-talet. Ved den gamle jektehamna startar eller stoggar Kongevegen over Filefjell.

I dag har Gamle Lærdalsøyri små butikkar, kafear, post- og telemuseum. Her kan du handle lokalmat, bakevarer, reiseminne, gåveartiklar, design og antikvitetar i gamle krambuer. Eller setje deg ned på ein kafe og berre ta inn atmosfæren.

Ta deg tid mellom dei små trehusa. Det fins knapt slike autentiske trehusstadar att i Norge.

Overnatte kan du gjere på Sanden pensjonat, Lærdalsøren Hotell eller på Lindstrøm Hotell, alle er plassert i gamle Lærdalsøyri. Besøk også landhandelen Smak av Sogn.

Besøk gjerne post- og telemuseet (Øyragata 44a) som syner kva knutepunkt Lærdalsøyri vart også innan post og telekommunikasjon. 

 

SLIK VANDRAR DU

Dersom du går austover, startar Kongevegen over Filefjell ved Løytnantsbryggja, den gamle jektehamna på gamle Lærdalsøyri der varer og folk skifta transportmiddel i gamle dagar. Etter å ha vandra gjennom Øyragata i gamle Lærdalsøyri går du vidare gjennom nye Lærdalsøyri. Her kan du besøke Norsk Villakssenter eller Sogn Kunstsenter, som ligg i samme bygg, eller shoppe i sentrum.

Du går opp den lange gata gjennom nye Lærdalsøyri, og så inn i bustadfelta og gata Sekleppvegen (for å unngå E16). Du kjem då til Sjukehusvegen. Her tek du til venstre, følger Sjukehusvegen forbi Lærdal sjukehus på fylkesveg 271 «Moldesida» og inn i dalføret Lærdal.

Då opnar eit rikt jordbruksland seg for deg. Lærdal forsyner Bergen og store delar av Sogn og Fjordane med mat gjennom sommarhalvåret.

Halvparten av alle morellene i landet blir produsert her, i tillegg til store mengder med poteter, gulrøtter, kål, bringebær jordbær - og anna.

Grunnen er at dalen har eit svært godt klima. Våren kjem tidleg, og gjennomsnittstemperaturen er høg. Til tross for svært lite nedbør (400-600 millimeter i året, som gjer dalen mellom dei mest nedbørsfattige i Europa), er Lærdal svært grøderikt. Mykje skuldast den store Lærdalselvi.

 

VIDARE OPP DALEN

Mykje av vandringa går langs den kjende lakseelva Lærdalselvi. Kongelege, rikfolk, skodespelarar og musikarar, samt vår eigen kong Harald, er kjende for å fiske her. 

Vandringa går gjennom gardsgrendene Hunderi og Hauge. På sistnemde plass ligg middelaldergravplassen Hauge, som var kyrkjestad før kyrkja vart flytt til Lærdalsøyri. Du går forbi gardane på Molde og ser Tønjum med kyrkja og den gamle tingstaden på andre sida av elva.

Når du kjem fram til enden av fylkevegen, ved Voll bru, skal du halde fram over denne E16-brua, og ta til høgre straks du kjem over ho (du må stige over autovernet).

Så går du ned til elva, det er ein stige der, og held fram under brua og langs Lærdalselvi i cirka 60 meter før du går opp på elvekanten (følg skilta som står på trea). Vidare går du langs elveførebygginga til sideelva Kuvelda i cirka 120 meter til du er oppe ved fylkesvegen (ikkje gå gjennom tunet).

På fylkesvegen fortsetter du på asfalt oppover dalen.

Trenger du å proviantere, kan du ta ein 350 meter kort avstikkar frå vandreruta ved Bø bru bort til Joker Ljøsne.

Neste delstrekning på Kongevegen over Filefjell er Ljøsne-Selto

 

DERSOM DU VANDRAR MOT LÆRDALSØYRI

For deg som går frå aust mot vest (mot Lærdalsøyri): Skiltinga har etterkvart ført deg inn på fylkesveg 272 nedover dalen. Når du har gått litt over fem kilometer på denne, ser du kongevegskilta på høgre sida av vegen, som leiar deg ned langs elveførebygginga ved elva Kuvelda.

Følg denne ned mot Lærdalselvi. Følg så skilta som står på trea som viser veg ned til elvekanten. Gå langs elva i cirka 60 meter og under E16-brua Voll bru. Her er ein stige opp muren.

Når du er oppe ved E16, stig over autovernet og følg E16 over brua. Når du er kommet over, 45 meter frå brufestet går du til venstre, inn på ny fylkesveg og følger denne ned til Lærdalsøyri.