Kongevegbedriftene

Den Gule Krambua
E2732D82-DC5C-4ABA-8E88-5267E4A75B1E.JPG

Om Den Gule Krambua

NB: Bilder frå leiligheten vil bli lagt ut fortløpande i takt med sluttføringa av renoveringa.


Den Gule Krambua er ei av dei fire, kjende krambuene som står på rekke i Øyragata på Gamle Lærdalsøyri. 

Her hadde den kjende handelsmannen Jan Henrik Nitter Hansen landhandelen og lageret sitt på midten av 1800-talet. No er lagerromma i andre etasje gjort om til ein historisk leilighet. 

Det største lagerrommet har fått stove, kjøken og bad, men står framleis fram slik det var då Hansen arbeidde her.

Mellom anna står den gamle lagerdøra framleis. Det er vinsj og talje, krokar og tau, og «mjålabår», som var kasser for lagring av mjøl, og mykje anna.

Det minste lagerrommet er blitt eit dobbelt soverom i oskariansk stil, med utsikt mot livet i Øyragata, som var ei av dei første og til tider mest travle, handlegatene på Vestlandet.

Gamle Lærdalsøyri er mellom dei best bevarte trehusmiljøa i Norge. Staden er ein vaskekte handelsstad frå tida då nordmenn reiste på handel med hest og kjerre, og då dampbåten låg og prusta ved bryggja.

Det er ofte blitt sagt at krambuene og miljøet rundt er ein miks av «Bør Børson» og «Jul i Skomakergata».

No kan den Gule Krambua bli heimen din her.

Velkommen til opplevinga!


Den Gule Krambua er totalrenovert etter privat initiativ og med støtte frå Norsk Kulturminnefond.

doc_76695_1.jpg
Bu i Den Gule Krambua
Heile året
Alle
High-end
IMG_6207.jpg
Odd Helge Brugrand
(+47) 400 65 069