Kaféen i besøkssenteret har servering gjennom sesongen. Det er sitjeplassar inne og ute.
Her får du mat i helgane. Eksempel; stor tallerken heimelaga suppe med poteter, grønsaker og bønner.
I besøkssenteret finn du ei utstilling om stavkyrkjene sin innverknad på det religiøse livet i mellomalderen.
Her finn du også utstillinga «Unike vikingtidsfunn» frå verkstadleiren Bjørkum i Lærdal, som vart funnen i 2009. Funna frå folkevandringstid og tidleg vikingtid (datering av leiren er 650-850 e. Kr.) er svært rike. Mellom anna inneheld dei ein av verdas finaste kammer frå vikingtid.
NB: Du må løyse billett til kyrkja/besøkssenteret for å få tilgang til kaféen. Senteret er ope 09:30-17:00 kvar dag.