Opplev kongevegen

Opplev Borgund stavkyrkje

Fakta

Passar for
Alle
Tilgjengeleg
15. april-13. oktober

Borgund er stavkyrkja over alle stavkyrkjer. Det er den best bevarte og mest autentiske av alle stavkyrkjene i verda og er eit nasjonalklenodium.

Kyrkja har vore modell for restaurering av andre stavkyrkjer både i Norge og utlandet.

Tømmeret til Borgund stavkyrkje vart hoggen vinteren 1180-1181. Kyrkja kan såleis ha stått ferdig like etter. Det er vanleg å datere ho til 1150-1200.

Eldste omtale av kyrkja er frå 1331, då som «Mathios kirkia j Borghund». I dag er det vanleg å seie - rett eller ikkje - at ho vart vigsla til St. Andreas.

Stavkyrkja var i bruk fram til 1868, då nye Borgund kyrkje stod ferdig like ved. Kyrkjegarden er framleis i bruk.

Størsteparten av mellomalderkonstruksjonen i kyrkja er bevart. Kyrkja har skip, kor og apsis med svalgang rundt, og både skip og kor har heva midtrom og saltak.

Til kyrkja høyrer også ein frittstående støpul. Den fungerar som klokketårn for begge kyrkjene i dag. Støpulen er den einaste av sitt slag frå mellomalderen i Norge.

Delar av materialet i støpulen skal vere eldre enn stavkyrkja.

Kyrkja står på den opphavelege tufta. I 1969 og 1986 vart det utført bygningsarkeologiske undersøkelsar av kyrkja. Under golvet vart det funne spor etter bygningsdelar som kan stamme frå ei tidligare kyrkje på staden.

Stavkyrkja er ein svært populær turistattraksjon i dag.

Kyrkja har alltid lege ved sidan av hovudvegen aust-vest. Det finn me også i ei synfaring frå 1686, då det vart peika på at kyrkja ligg «mit udj Alfahrveye». Dette var før Kongevegen, og vegen som gjekk forbi den gongen var «Den Bergenske Postveg».

I 2005 opna eit besøkssenter her. For å få tilgang til både stavkyrkja, museet, kafè og toalett, må du løyse billett i besøkssenteret.

Opningstider 2024
Open dagleg 09:30–17:00
Sesong 15. april – 13. oktober 

Prisar 2024
Vaksne:                                      130,- kr.
Grupper (min. 10 pers):            120,- kr. 
(Grupper må bestille på førehand)
Pensjonistar:                              110,- kr. 
Familiebillett:                            300,- kr.
Studentar/barn:                          90,- kr.

I besøkssenteret er det kafé.

 

 

 

Borgund stavkyrkje besøkssenter
Les mer
20220623_173949.jpg
Marit Wøllo
(+47) 457 38 972