Opplev kongevegen

Rundtur: Vindhella - Sverrestigen

Fakta

Tidsbruk
1,5 - 2,5 timer
Avstand
4,6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Passer for
Alle
Tilgjengelig
mai - oktober

Beskrivelse

Rundturen Vindhella - Sverrestigen er ein av dei mest populære rundturane på Kongevegen over Filefjell. Den går i eit vidtfemjande historisk landskap.

Rundturen går Vindhella den eine vegen og Sverrestigen den andre. Du kan starte på begge vegane ved Rimskjold/Husum i vest, eller ved Borgund stavkyrkje i aust. Eller du kan starte rundturen der Vindhellavegen eigentleg startar 350 meter austafor stavkyrkjesenteret.

Startar du ved stavkyrkja, byrjar du vandringa ved å gå bak den raude nyekyrkja og fyl skiltinga.

Parkerere kan du då gjere ved Svartegjel like ved. Besøkssenteret har diverre ikkje parkering til kongevegvandrarar.

 

BYGDEBORG OG SAGAKONGE

Historia fortel at Kong Sverre i oktober 1177 tok Sverrestigen for å omgå bøndene som stod klare til å lempe stein og tømmerstokkar i hovudet på birkebeinarane som skulle passere. Kong Sverre angreip bøndene i ryggen, og jaga dei på flukt.

Rundturen går rundt fjelltoppen «Klanten», som truleg har vore ei gamal bygdeborg. Denne bygdeborga har gitt Borgund namnet. Borgund kan bety «under borgen». 

Vindhellavegen er den 2,7 kilometer lange hest- og kjerrevegen som går på høge murar gjennom Vindhellaskaret. Vegen vart bygd etter nye byggeprinsipp som til dels ikkje var utprøvd i dåtidas Norge. Den ligg høgt i terrenget, og har fire 180 graderssvingar, bygd opp av høge steinmurar.

 

BRATTE VEGAR

Den gamle Kongevegen frå 1790-åra er synleg mellom slyngane og utanfor traseen her. Opphaveleg hadde Kongevegen ei stigning på 1:4. Då dei bygde Bergenske Hovedvej oppå i 1840-åra prøvde dei å bøte på dette, men fekk ei stigning på 1:5. Med andre ord var korkje Kongevegen eller Bergenske Hovedvej særleg store suksessar.

På grunn av stigninga som framleis var bratt, fekk Vindhellavegen ei brukstid på 30 år. I 1872 vart den avløyst av ein ny veg langs elva gjennom Nesbergi. Dette var E16 inntil Borgundtunnelen opna i 2004.

Det er fine pauseplassar langs ruta, nokre med benk. Frå Sverrestigen går også Klantenstien og Annastien tilbake til Vindhella. Skriv gjerne namnet ditt i turbøkene som ligg i dei ulike postkassene langs ruta.

Og så må du få med deg Borgund Stavkyrkje, den mest autentiske og best bevarde stavkyrkja i verda. Du må løyse billett i besøkssenteret, då får du tilgang til kyrkja, museum, kafe og toalett.

Sommaren 2018 er begge kyrkjene i Borgund opne. Den raude nyekyrkja er 150 år og har i tillegg ei utstilling du kan besøke frå 1. juli.