Velg turpakke

Kongevegen Høgdepunkta (Vindhella/Galdane) - 3 dagar
STATENSVEGVESEN-KONGEVEGEN-5697 copy (1).jpg
DSC_1023.JPG
IMG_5788.JPG
IMG_3194.JPG
DSC_1031.JPG
IMG_6150.JPG
13987660_1249565358401682_2821709633281243319_o.jpg
samuel_taipale_outtt_kongevegen_21.jpg (1)
IMG_6152.JPG
KONGEVEGEN-LÆRDAL-26201.jpg

Opplev dei mest berømte partia av Kongevegen over Filefjell på tre dagar. Bu mellom små trehus på Lærdalsøyri om kvelden og vandre i historiske fotefar om dagen. Vi køyrer deg til kongevegstrekningane.

 

ANKOMST:
Du har køyrt til Lærdalsøyri med bil og kan sjekke inn for ein hyggeleg kveld og ei god natts søvn. Det går også direktebuss frå Bergen (NX450 Sognebussen) og frå Oslo (VY170 Sogn og Fjordane-ekspressen) fleire gonger dagleg til Lærdal.

DAG 1:
Denne dagen skal du oppleve det berømte Galdane som del av rundturen Galdane-Seltunåsen. Etter frukost går du til bussplassen ved Lærdal rådhus der Kongevegbussen har avgang klokka 08:30 (inkludert i prisen). Bussen køyrer deg til rasteplassen ved Sjurhaugen (ankomst ca. 08.48). Du går over Lærdalselvi og tek til venstre inn på delstrekninga Galdane. Kongevegen gjennom Galdane er full av myter og opplevingar. Du går i historiske fotefar gjennom eit rikt kultur- og naturlandskap. For å få best mogleg utbytte av vandringa, les om delstrekninga Galdane her
Ta matpausen på husmannsplassen «Galdane» med flott utsikt over Lærdalselvi og «Bergenske Hovedvej» der du skal gå seinare. Infooppslag på kvart hus og to utedoar ovanfor husa. Etter pausen går du vidare langs Lærdalselvi til Seltun bru. Frå brua følger du gangstien langs E16 austover til rasteplassen «Koren» (ca. 1,3 km.). Her går du opp til høgre på «Den Bergenske Hovedvej» frå 1840-åra. For å få best mogleg utbytte av «Den Bergenske Hovedvej» les meir om Seltunåsen her
Etter Seltunåsen kjem du ned på gamle E16 (historisk rute) Her kan du sjå ruinen av Steine bru som var del av «Bergenske Hovedvej». Følg gamle E16 mot Sjurhaugen (5-600 meter austover). Tilbake ved rasteplassen er rundturen over. Heile turen kan ta mellom 3,5 og 4,5 timar. Frå busshaldeplassen ved E16 tek du rutebuss tilbake til Lærdalsøyri (rutebuss er ikkje med i pakkeprisen). Sjå rutetider og ruter under.

DAG 2:
Denne dagen skal du oppleve berømte Vindhellavegen som del av rundturen Vindhella-Sverrestigen, og nasjonalikonet Borgund stavkyrkje. Etter frukost går du til bussplassen ved Lærdal rådhus der Kongevegbussen har avgang klokka 08:30 (inkludert i prisen).
Bussen tek deg til Borgund stavkyrkje (ankomst cirka 08.55). Du skal gå Sverrestigen først. Stigen byrjar bak den raude Borgund kyrkje bortanfor stavkyrkja. Følg skilta.
Historia fortel at Kong Sverre i oktober 1177 tok denne stigen for å omgå bøndene som stod klare til å lempe stein og tømmerstokkar på birkebeinarane. For å mest mogleg ut av vandringa les om Sverrestigen her.  
Du går gjennom eit svært rikt kulturlandskap. Ved benkplassen der stien deler seg i tre, tek du til venstre og går mot dalbotnen. Nede møter du gamle E16 og går til Vindhellavegen (100 meter) ved Rimskjold. Rasteplass og toalett. Etter pausen går du opp dei berømte svingane i Vindhellaskaret. For best mogleg utbytte; les historia om Vindhellavegen her
På toppen har du to val; Enten kortversjonen med grinda til høgre og stien ned til Borgund stavkyrkje eller kongevegen rett fram til den møter gamle E16. Følg så gamle E16 300 meter tilbake til besøksenteret.
Heile rundturen kan ta 2 til 3 timar. Du må løyse billett i besøkssenteret for å få tilgang til Borgund stavkyrkje, museum, kafé og toalett. Frå plassen framføre besøksenteret tek du rutebuss tilbake til Lærdalsøyri (rutebuss ikkje med i prisen). Sjå rutetider og ruter under.

DAG 3 / AVREISEDAG:
Etter frukost og utsjekking vandrar du på gamle Lærdalsøyri, eit av Norges mest verdifulle trehusmiljø som mirakuløst slapp unna storbrannen i 2014.
Kongevegen over Filefjell gjekk gjennom hovudgata Øyragata, ei av dei eldste handlegatene på Vestlandet. Til dømes vart Lærdalsmarknaden arrangert i dette miljøet på 1500-talet. Kongevegen enda ved den gamle jektehamna. Små butikkar og kaféar. Besøk gjerne landhandelen «Smak av Sogn» i ei av krambodene. Vertskapet på Sanden pensjonat tilbyr 1 time omvisning på førespurnad (750 kroner).

I PAKKEPRISEN FÅR DU:

Om du bur på Lindstrøm Hotel:
3 overnattingar på tradisjonsrikt hotell
3 frukostar
2 matpakker du smører sjølv under frukosten
2 dagar med transport til rundturane med Kongevegbussen
WIFI

Om du bur på Sanden pensjonat:
3 overnattingar i trebygning frå 1840-åra på gamle Lærdalsøyri
3 frukostar
2 matpakker du smører sjølv under frukosten
2 dagar med transport til rundturane med Kongevegbussen
WIFI

Om du bur i Gamle Lærdalsøyri leiligheter:
3 netter i historisk leilighet i krambod frå 1849 på gamle Lærdalsøyri
3 frukost evt. frukostpakke lagt inn i leiligheten
2 matpakker du lagar sjølv under frukosten
2 dagar med transport til rundturane med Kongevegbussen
WIFI

I PRISEN FÅR DU IKKJE:

Middag
Rutebuss tilbake etter rundturane
Guiding/omvisning dag 3/avreisedagen

PAKKEPRIS PER PERSON:

Ved overnatting Lindstrøm Hotell:
Rommet åleine: 3 995,- kroner
To personar i rom: 2 790,- kroner
To personar + ekstra seng i rom (3 pers.): 2 245,- kroner

Ved overnatting Sanden pensjonat:
Om du bur åleine: Frå 3 590,- til 4 635,- kroner avhengig av rom
Om to personar bur saman: Frå 1 940,- til 2 465,- kroner avhengig av rom
(i turdatoen du velger står kva rom som er ledig, og pris)

Ved overnatting Gamle Lærdalsøyri leiligheter:
Om du bur åleine: 5 295,- kroner.
Om to personar bur saman: 2 800,- kroner.
Om tre personar bur saman: 1 960,- kroner.
Om fire personar bur saman: 1 545,- kroner.
(To soverom: eit med to enkle senger, eit med dobbelseng)

BUSS:
Transport til vandringane:
Kvar dag klokka 08:30 køyrer Kongevegbussen frå busshaldeplassen ved Lærdal rådhus (inkludert i prisen)

Retur første vandredag: 
Rutebuss til Lærdalsøyri frå E16-busslomme ved Sjurhaugen:

  • Ca. klokka 14:50 (VY170 Sogn og Fjordane-ekspressen dagleg) Du har 5,5 timar til turen.
  • Ca. klokka 18:30 (rute 603 Fagernes-Lærdal dagleg minus laurdag) - 9,5 timar til turen
    (atterhald om ruteendringar)

Retur andre vandredag: 
Rutebuss til Lærdalsøyri frå besøkssenteret til Borgund stavkyrkje:

  • Cirka klokka 14:47 (VY170 Sogn og Fjordane ekspressen, kvar dag) Du har cirka 5,5 timar til rundturen med pauser og besøk i stavkyrkja/besøkssenteret. Det er god tid.
    (atterhald om ruteendringar)

Alternativ: Solheim Taxi kan ha tilbod til kongevegvandrarar.

OBS: Pakkedatoane 17. august og 22. august vil vertskapet i Gamle Lærdalsøyri leiligheter køyre gjestene til rundturane. Dette er inkludert i prisen. Retur med rutebuss (ikkje med i prisen) som beskrive over.

UT OG ETE
Strandsitjaren restaurant hjå Lærdal Ferie- og Fritidspark
Laksen restaurant i Norsk Villakssenter
Kaféen i Lærdalsøren Hotel

ANBEFALTE TILLEGGSOPPLEVINGAR:
Besøke Norsk Villakssenter, Sogn kunstmuseum, Post- og Telemuseum
Guiding/historiefortelling på rundturane
Motorikpark på Lærdal Ferie- og Fritidspark

BLI LENGRE I LÆRDAL?
Lærdal er plassert geografisk i midten av ein svært rik turistregion. Bur du i Lærdal når du alle attraksjonane i Sogn på kort tid (Flåmsbana, Nærøyfjorden, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Jostedalsbreen, Utladalen, og Urnes, Kaupanger, Borgund og Undredal stavkyrkjer). Prøv Sanden pensjonat, Lærdal Ferie- og Fritidspark, Lærdalsøren Hotel eller Gamle Lærdalsøyri leiligheter for meir overnatting.

 

 

 

 

 

 

Eg ønsker å
Vilkår (*):
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.
Velg dato for tur
30. juni 2019
Ankomstdato 30.06.2019
Avreisedato 03.07.2019
Tal plassar 4 pers. i èin leiligheit
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 16.06.2019
Pris 1 960,- kroner per pers. om 3 bur saman i Gamle Lærdalsøyri leiligheiter
01. juli 2019
Ankomstdato 01.07.2019
Avreisedato 04.07.2019
Tal plassar 4
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 17.06.2019
Pris Kr. 2 165,- (rom 2) og kr. 2 465,- (rom 8) per pers. om to bur saman, Sanden pensjonat
07. juli 2019
Ankomstdato 07.07.2019
Avreisedato 10.07.2019
Tal plassar 8
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 09.06.2019
Pris 2 790,- per pers. om to bur saman, Lindstrøm Hotel
08. juli 2019
Ankomstdato 08.07.2019
Avreisedato 11.07.2019
Tal plassar 2
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 24.06.2019
FULLT!
Pris Kr. 2 465,- (rom 8) per pers. om to bur saman, Sanden pensjonat
11. juli 2019
Ankomstdato 11.07.2019
Avreisedato 14.07.2019
Tal plassar 4
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 27.06.2019
FULLT!
Pris Kr. 2 465,- (rom 8) per pers. om to bur saman, Sanden pensjonat
18. juli 2019
Ankomstdato 18.07.2019
Avreisedato 21.07.2019
Tal plassar 2
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 04.07.2019
Pris 1 940,- per pers. dersom to søv i samme rom, Sanden pensjonat, rom 1
23. juli 2019
Ankomstdato 23.07.2019
Avreisedato 26.07.2019
Tal plassar 4
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 09.07.2019
Pris 1 940,- per pers. dersom to søv i samme rom, Sanden pensjonat, rom 1 og 5
26. juli 2019
Ankomstdato 26.07.2019
Avreisedato 29.07.2019
Tal plassar 4
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 12.07.2019
Pris 1 940,- per pers. dersom to søv i samme rom, Sanden pensjonat, rom 1 og 5
28. juli 2019
Ankomstdato 28.07.2019
Avreisedato 31.07.2019
Tal plassar 2
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 30.06.2019
FULLT!
Pris 2 465,- PER PERS. DERSOM TO SØV I SAMME ROM, SANDEN PENSJONAT
29. juli 2019
Ankomstdato 29.07.2019
Avreisedato 01.08.2019
Tal plassar 4
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 14.07.2019
Pris Kr. 1 940,- (rom 5) og kr. 2 465,- (rom 8) per pers. dersom to søv i samme rom, Sanden pensjonat
30. juli 2019
Ankomstdato 30.07.2019
Avreisedato 01.08.2019
Tal plassar 5
Tal dagar 2
Påmeldingsfrist 12.05.2019
FULLT!
Pris Extra pakke
31. juli 2019
Ankomstdato 31.07.2019
Avreisedato 03.08.2019
Tal plassar 2
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 17.07.2019
Pris 2 465,- PER PERS. DERSOM TO SØV I SAMME ROM, SANDEN PENSJONAT, ROM 8
03. august 2019
Ankomstdato 03.08.2019
Avreisedato 06.08.2019
Tal plassar 2
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 20.07.2019
Pris 2 465,- PER PERS. DERSOM TO SØV I SAMME ROM, SANDEN PENSJONAT, ROM 8
05. august 2019
Ankomstdato 05.08.2019
Avreisedato 08.08.2019
Tal plassar 8
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 08.07.2019
Pris 2 790,- per pers. om to bur saman, Lindstrøm Hotel
06. august 2019
Ankomstdato 06.08.2019
Avreisedato 09.08.2019
Tal plassar 2
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 23.07.2019
FULLT!
Pris 2 465,- PER PERS. DERSOM TO SØV I SAMME ROM, SANDEN PENSJONAT, ROM 8
17. august 2019
Ankomstdato 17.08.2019
Avreisedato 20.08.2019
Tal plassar 4 pers. i èin leiligheit
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 03.08.2019
Pris 1 960,- kroner per pers. om 3 bur saman
22. august 2019
Ankomstdato 22.08.2019
Avreisedato 25.08.2019
Tal plassar 4 pers. i èin leiligheit
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 08.08.2019
Pris 1 960,- kroner per pers. om 3 bur saman
Ansvarleg
Kongevegbedrifter Filefjell SA
Send e-post
Sender, vennligst vent...
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.