Opplev kongevegen

Borlaug - Borgund stavkyrkje

Fakta

Tidsbruk
2.5t
Avstand
13 km
Passer for
Alle
Tilgjengelig
Året rundt

Beskrivelse

Denne delstrekninga tek deg gjennom den vakre bygda Borgund øverst i Lærdal.

Strekninga ligg mellom delstrekningane Maristova-Borlaug og Vindhellavegen.

Det aller meste av vandringa går på asfalt. 

Startar du her og går vestover mot Lærdalsøyri byrjar du i krysset der HI Borlaug Vandrarheim og Borlo bygdetun held til (på kvar si side av vegen).

Du kan då starte ved parkeringa til bygdetunet, og følge skiltinga til venstre for «bensinmannen» og opp forbi restaurerte stabbur og loft, og følge den originale kongevegtraseen frå tunet og nedetter marka.

Eller om du kjem gåande langs kongevegen etter å ha lagt bak deg strekninga Maristova-Borlaug; berre hald fram gjennom tunet og følg kongevegtraseen nedetter marka - det går ein gråsteinsmur i traseen i dag.

Etter nokre hundre meter må du passere eit gjerde, og gå langs E16 (mesteparten bak ein låg voll) cirka 500 ned til krysset mot Borgund sentrum.

I krysset tek du inn på fylkesvegen mot Borgund sentrum.

 

BEITELAND

Frå krysset følger du fylkesvegen på asfalt gjennom Borgund. Du går forbi små vestlandsgardar med beiteland for sau og geit. Fleire campingplassar ligg her, mellom anna Steinklepp camping, som ligg mellom vegen og elva. 

Du passerar Hegg, som var skysstasjon og hotell i gamle dagar. Like etter Hegg vil du sjå den store gravhaugen etter bygdehøvdigen Spenning Hegg på di venstre side. Det står ein 2,6 meter høg bauta på haugen.

Etter kvart kjem du til Steinklepp, som er sentrum i Borgund. Her er samfunnshus, pub og kafe, og nærbutikk.

Trenger du å proviantere, kan du stogge ved Borgund nærbutikk og bakst, som ligg kloss i turløypa.

500 meter vidare frå sentrum går fylkesvegen inn i eit kryss som fører inn på E16. Dit skal du ikkje.

Du skal heller gå rett fram, inn på det som ein gong vart kalla riksveg 60. Ein av fleire vegomleggingar sidan 1790-åras kongeveg og dagens europaveg.

Du går forbi privathus og gjennom skog. Etter ei stund passerar vegen Borgund hyttesenter og camping, ein fin plass å bu for kongevegvandrarar. Den går vidare, til du kjem til kryss- og tunnelområdet for nye E16.

Følg skiltinga, og du går vidare ned til nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje. Delstrekninga endar ved den spektakulære middelalderkyrkja.

 

HISTORISK OMRÅDE

Borgund stavkyrkje er den mest autentiske og best bevarte av alle stavkyrkjene i Norge. Den stod ferdig heilt i byrjinga av 1180-talet og er ein stor turistattraksjon.

Her er stavkyrkjeutstilling, kafè, butikk og toalett. For å få tilgang til dette må du løyse billett i besøkssenteret. 

Klokkestøpulen like ved er den einaste i sitt slag som er att frå mellomalderen i Norge.

Fjelltoppen bak stavkyrkja skjuler ein førhistorisk bygdeborg.

Heile Borgund, og spesielt området rundt Borgund stavkyrkje er eit område svært rikt på historiske og førhistoriske kulturminne.

Neste delstrekning på Kongevegen over Filefjell blir sjølvaste Vindhellavegen. Den går ovanfor stavkyrkja og vidare vestover.

Du kan starte på Vindhellavegen her ved å gå bak den raude nyekyrkja og opp bakkane (følg skilt). Eller du kan gå 300 meter austover att, og starte der Vindhellavegen eigentleg byrjar.