Opplev kongevegen

Rundtur: Galdane - Seltunåsen

Fakta

Tidsbruk
3,5-4,5 timar
Avstand
8,6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Passer for
Alle
Tilgjengelig
mai - november

Beskrivelse

Under rundturen Galdane - Seltunåsen går du på to ulike typar veganlegg: Kongevegen frå 1790-åra og etterfølgaren, den Bergenske Hovedvej frå 1840-åra.

Samstundes går du forbi høge fossefall, gamle husmannsplassar, mytespunne stader, tyske krigsanlegg og ikkje minst: den kjende Lærdalselvi.

Og: rundturen er fin saman med borna!

Du kan starte ved Koren i vest og gå «Bergenske Hovedvej» opp til Sjurhaugen og derfra kongevegstrekninga «Galdane» til Seltun, før du går på gangsti langs E16 tilbake til utgangspunktet Koren.

Eller starte ved Sjurhaugen i aust og gå kongevegstrekninga Galdane ned til Seltun, gangsti langs E16 opp til Koren, og Bergenske Hovedvei tilbake til utgangspunktet Sjurhaugen.

Begge stadane har parkering, benker, toalett og høve til å kvitte seg med søppel. Ved Koren er det også bord. 

Hugs at Bergenske Hovedvej ikkje er skilta som kongevegtrasé. Vegen er likevel skilta, rydda og det er lett synleg kvar du skal gå.

 

NYARE VEG

Denne forklaringa byrjar ved Koren og går Bergenske Hovedvej først:

Hovedvejen over Seltunåsen stod ferdig rundt 1845 og erstatta kongevegen som gjekk via Galdane på andre sida av elva. Vegen vart bygd av profesjonelle vegbyggarar i motsetnad til kongevegen, som var bygd av soldatar og utkommanderte bønder. 

Hovedvejen over Seltunåsen er meir lettgått fordi den har ei lineføring på høge murar som jamnar ut slukter og forsenkningar. Medan traséen til kongevegen i Galdane følgjer terrenget opp og ned, slik vegbyggingsprinsippet var med den første vegen.

Hovedvejen vart bygd av kaptein Henrik Christian Finne (1797-1870). Om lag 300 mann var i sving, og framleis fins spor etter dei i terrenget. Mellom anna finn du ei rekkje oppmurte steinar og hellarar der arbeidarane budde, og tek du vegen opp til Steineåsen ser du staden der teltleiren deira låg. 

Her over Seltunåsen gjekk også middelaldervegen, som på 1600-talet vart postveg. Sjå skilting.

 

HØG MUR

Spesielt imponerande med Hovedvejen i Seltunåsen er vegmuren over Gravdalen. Den er over 15 meter høg. Tør du kikke over kanten?

Ved Gravdalen ser du også ruinane etter husmannsplassen til ho Torborg, som tok imot reisande på vegen gjennom tunet sitt.

Før ho døydde, seier sagnet at ho gøymde ein sølvskatt oppe i urane ovanfor plassen sin.

Når du er komen ned att frå Seltunåsen er du tilbake på gamle E16 (i dag historisk rute). Her kan du sjå store Steine bru som var ein del av Hovedvejen, men som kollapsa i storflaumen i 1860. Opphaveleg gjekk altså Hovedvejen over elva her.

Sidan brua ikkje er der, må du halde fram på asfalt fram til Sjurhaugen (5-600 meter austover langs historisk rute/gamle E16). Ved parkeringsplassen ved Sjurhaugen går du over brua, og tek til på kongevegen vestover.

Du er då inne på sjølve kongevegen, og delstrekninga Galdane. Det første du møter er Olavsklemma.

Sagnet fortel at då kong Heilage Olav reid gjennom Lærdal i 1023 for å tvangskristne valdrisane, vart passasjen her for smal for kongen og hans hær. Han sette difor ræva på hesten mot fjellet, og slik fekk han utvida vegen. I dag kan du sjå merkene etter hesteræva i fjellet ...

I realiteten er Olavsklemma ei gamal jettegryte skapt av Lærdalselvi gjennom tusenvis av år.

 

TYSKE FORSVARSVERK

Her i området ser du også restar av tyske forsvarsanlegg frå siste verdskrigen. Nett som menneska i alle tider før dei, skjønte også dei tyske okkupantane at kontroll av vegen over Filefjell og gjennom Lærdal var viktig.

Heile Galdane og Seltunåsen er full av tyske skyteanlegg, utkikkspunkt og bunkersar. Faktisk bygde tyskarane eit heilt forsvarsverk frå Lærdalsfjorden og opp hit.

Slik vart Lærdal ein del av «Festung Norwegen», anlegget langs kysten som skulle stogge ein mogleg alliert invasjon.

Vidare nedover Galdane går du på vegen frå 1840-åra heilt til du kjem til Bruknappen, der vegen går ned til den før omtala og samanraste Steine bru. Men du skal gå vidare vestover, og vil då kome inn på den originale kongevegen frå 1790-åra. Den har heile tida ligge under vegen frå Sjurhaugen og hit.

Ved Bruknappen vil du difor merke standardskilnad på vegane. 

Etter å ha gått ei stund på denne kongevegen, kjem du etterkvart til Laukebergbakken, staden som Johannes Flintoe foreviga i eit motiv som i dag heng i Nasjonalgalleriet: Handelskaren på veg til marknaden på Lærdalsøyri, som må halde att hesten i den stupbratte bakken.

 

HUSMANNSPLASSAR

Du går forbi fleire husmannsplassar. Den best bevarte er «Galdane», plassen som vegstrekka har fått namnet etter. Husmannsplassen er frå 1600-talet, og dagens bygningar frå midten av 1800-talet. «Galdane» vart fråflytt i 1947.

Gå opp til tunet (knappe 100 meter) og ta ein pause. Galdane er restaurert og blir halde i hevd av ein moderne husmann. Her er flott utsikt over Lærdalselvi og «Bergenske Hovedvej» i Seltunåsen på andre sida. I Galdane er det informasjonsoppslag på kvart hus.

I Galdane er det også eit klimaskilje mellom aust og vest. Fleire raudlista planter veks her. For å spare desse, vil du sjå at vegetasjonen langs kongevegen berre blir rydda i midten. Kun frå august av blir vegetasjonen rydda i vegen si fulle breidde.

Kongevegen går vidare vestover langs Lærdalselvi ned til 1950-talsbruket «Seltøyni», og vidare til E16 ved Seltun bru.

Her stoggar kongevegdelstrekninga Galdane, og du endar rundturen din med å gå på asfaltert gangsti tilbake til utgangspunktet Koren (1,3 kilometer).