Opplev kongevegen

Øye stavkyrkje - Tyinkrysset

Fakta

Tidsbruk
3,5-4t
Avstand
12,3 km
Vanskelegheitsgrad
Middels
Passar for
Alle
Tilgjengeleg
Fra 15. mai

Kongevegen mellom Øye og Tyinkrysset er ein av dei lengre autentiske strekningane mellom Vang og Lærdal. Vegbana er i hovudsak graskledd.

Går du mot vest, er dette tredje delstrekninga på turvegen Kongevegen over Filefjell, etter Vennisvegen. Neste delstrekning er Tyinkrysset-Kyrkjestølen.

Du startar ved Øye stavkyrkje som vegen til alle tider har gått rett forbi. Kyrkja forsvann for alle då ho vart riven og erstatta av ei ny i 1747, men funnen att under golvet på nyekyrkja, då muren skulle reparerast i 1930-åra.

Opphaveleg stod kyrkja på flata lenger ned mot Vangsmjøse. Ingen veit når Øye stavkyrkje vart bygd, men ein trur i åra før eller etter 1200.

 

AUTENTISK VEG

Frå kyrkja følgjer du E16 450 meter mot Filefjell, før du tek av og inn på den autentiske kongevegen ved Krokasvingadn i Eidskroke(n). Kongevegen går opp til høgre for det okergule, eldre huset. Følg skilta her. 

Her går kongevegen vidare over den nye E16-tunnelen, og vidare oppover mot Støndafjorden, som Kongevegen følger eit godt stykke.

Du kjem til eit område med tre mystiske steinar med skålgroper på toppen. To av dei har holrom på undersida, den eine går du rett forbi. og kan undersøkje nærare.

Etter Støndafjorden, ta ein liten avstikkar frå kongevegen og gå til Grihamar milestein, som står oppe ved E16. Den er eit veghistorisk kulturminne eldre enn kongevegen, frå 1687. Her er informasjonstavle og benkar å sitje på.

Vegen over Øygardsjordet er bygd etter korleis dei bygde dei første køyrevegane i landet - med «Bøttehankprinsippet» - vegen gjekk beint fram slik dei gamle ridevegane gjorde. Slik vart vegen kort på kartet, men den kunne få mange bratte bakkar.

Frå Olshølbrue går Kongevegen på vestsida av Begna oppover mot Varpebrue (Varpe bru).

Skogstad var ein tradisjonsrik gjestgjevargard og skysstasjon, nemd alt i 1663. I 1749 kalla biskop Pontoppidan Skogstad for ein liten landsby. Bygdene på kvar side av Filefjell hadde fleire slike stasjonar til hjelp for reisande mellom aust og vest.

Storofsen (naturkatastrofe) herja stygt med Skogstad. Katastrofa er kanskje grunnen til at kongevegen vart lagt her, og ikkje mellom gardane på solsida. Eit hotell som kom på Skogstad seinare, brann i 1956.

 

ULIK SKOG

Kongevegen går gjennom tett granskog før du nærmar deg fjellet og møter fjellbjørk og hei.

Typisk for måten dei bygde kongevegen på slutten av 1700-talet, bølger vegen noko opp og ned mens den stig sakte mot Varpe bru.

Ved Varpe bru må du krysse E16. Her er det 80-sone.

Vegen vidare gjev ei fin vandring langs Fløgstrøndfjorden. Rett før Kølabrune (Kølabrua) er det kraftig stigning før området flatar ut fram til Tyinkrysset. 

På Tyinkrysset er du komen 900 moh. Grenda har mange hytter, skiheis, overnatting, butikkar og servering. Du kan overnatte og spise hjå Filefjellstuene.

Trenger du å proviantere, kan du stikke innom Joker Tyinkrysset.

© Copyright Kongevegbedrifter Filefjell SA