Velg dato

Velg turpakke

Kongevegen Fjellpasset - 3 dagar
Toppen av Kongevegen over Filefjell
STATENSVEGVESEN-KONGEVEGEN-22070.jpg
IMG_2810 – Kopi.JPG

Følg i spora etter dei norske mellomalderkongane. Gå fra Austlandet opp til toppen av Filefjell og ned att til Vestlandet. Vandre bekymringslaust heile fjellpasset av Kongevegen på tre dagar - mens vi fraktar bagasjen. 


ANKOMST:

Du har køyrt til Filefjellstuene på Filefjell med bil og kan sjekke inn for ein hyggeleg kveld og ei god natts søvn. Det går også direktebuss frå Bergen (NW 162 Øst-Vest Xpressen) og frå Oslo (NW 160 Valdresekspressen) til Tyinkrysset som passar med innsjekk i denne turpakka. Bussrutene følger E16.

DAG 1:
Etter frukost sørger hotellet for transport til Øye, der «Kongevegen Fjellpasset» startar (transporten ivaretek smittevern mot COVID-19). Frå Øye vil du gå delstrekninga Øye-Tyinkrysset på cirka 12 kilometer opp austsida av Filefjell.

Turen følger den autentiske kongeveglina oppover til Støndafjorden, vidare opp vestsida av Begna til Varpebrue og forbi gjestgjevargarden og skysstasjonen Skogstad, nemd alt i 1663. Kongevegen går gjennom tett granskog før du møter fjellbjørk og hei. Typisk for kongevegen bølger den opp og ned. Les meir om delstrekninga Øye-Tyinkrysset her.

DAG 2:
Etter frukost startar du ved Filefjellstuene og går vestover opp mot Kyrkjestølen på delstrekninga Tyinkrysset-Kyrkjestølen. På Kyrkjestølen er det fint å ta pause og sjå seg om på stølstunet. Deretter startar du på den berømte delstrekninga over toppen av Filefjell, Kyrkjestølen-Maristova, som tek deg til Kongevegens høgste punkt, cirka 1250 m.o.h. Vegen over Murklopphøgda har storslått utsyn til tindene i Hurrungane. Du passerer Stiftstøtta, ein marmorbauta som markerte det gamle skiljet mellom Akershus og Bergen stift. Her er fin rasteplass.
Oppe på fjellet er terrenget lettgått før vegen går bratt ned att mot Maristova (cirka 800 m.o.h.) som har ei historie med overnatting og samferdsle sidan første halvdel av 1300-talet. Du overnattar i hytte hjå Maristuen Fjellferie. Bagasjen din er blitt frakta hit (1 kolli per pers.). Turen frå Filefjellstuene via Kyrkjestølen til Maristova tek 5-8 timar. Les meir om delstrekninga Kyrkjestølen-Maristova her. 

DAG 3:
Etter frukost startar du ved Maristova og går ned vestenden av Filefjell, delstrekninga Maristova-Borlaug. Turen går på autentisk kongeveg, natursti, litt asfalt, forbi elv og over bekkar, over fjellvidde og gjennom lun granskog. På vegen passerer du ulikt kulturlandskap, gardar og ruiner etter gamle buplassar. Turen er 7 kilometer lang og har ein høgdeskilnad på 300 meter. Like etter start Maristova kan du ta ein kort omveg om Honingane, eit gamalt stølsområde med bygningar tilbake til mellomalderen.
Eit smykke på denne strekninga er Brattebakken bru, ei hengebru bygd etter inspirasjon av kongevegbruene du møter andre stadar på kongevegen.
Etterkvart endar du i grenda Borlaug. Turen tek cirka 2 timar pluss eventuell matpause. Frå Borlaug tek du rutebuss tilbake til Filefjellstuene, evt. Tyinkrysset (sjå rutetider og ruter under), der bagasjen din er køyrt tilbake (1 kolli per pers.). Her sluttar turpakka «Kongevegen Fjellpasset». Les om delstrekninga Maristova-Borlaug her.


PRIS PER PERSON 2021: 
Om 4 eller fleire personar bur i samme hytte: 3 390,- kroner
Om 3 personar bur i samme hytte: 3 790,- kroner
Om 2 personar bur i samme hytte: 4 390,- kroner
Om du bur i hytte åleine: 5 990,- kroner 
Dei fleste hyttene har minst to soverom

I PRISEN FÅR DU: 👍

3 overnattingar i hytte eller leilighet
3 frokoster der du smører lunsjpakke for turen
Sengeklær og romvask
Transport til startpunktet ved Øye
Bagasjetransport Filefjellstuene-Maristova 2. dag og retur 3. dag

EKSTRA TILBOD, IKKJE INKLUDERT I PRISEN:
Middag
Kveldsmat
Buss frå Borlaug til Filefjellstuene siste dag
Guiding/historiefortelling

RUTEBUSS:
Rute 138 (Lærdal-Fagernes) passerer Borlaug klokka 11:47 (ikkje laurdagar) og passerer innkøyrsla til Filefjellstuene cirka klokka 12.14. Bussen tek med hund.
Rute NW 162 (Bergen-Lillehammer) passerer Borlaug kl. 13.01 og er ved Tyinkrysset kl. 13.23
Her må du gå frå busstoppen på Tyinkrysset til Filefjellstuene, cirka 1 kilometer. Bussen tek med kun sertifisert hund (som førarhund).
(atterhald om ruteendringar).
Alternativ: Solheim Taxi.

ANBEFALTE TILLEGGSOPPLEVINGAR: 👍
Stikk innom Øye stavkyrkje (ved start første vandredag)
Besøke Låvemuseet (midten av første vandredag)
Proviantere hjå Joker Tyinkrysset (siste del av første vandredag)
Pause på Tyinkrysset Fjellstue (siste del av første vandredag)
Treng du utstyr? Intersport Tyinkrysset.
Kafèbesøk og omvisning på Kyrkjestølen (du passerer stølen andre dag)
Omvisning i Margretestuen Fjellstovemuseum (andre dag, på førespurnad)
Omvisning på Borlo bygdetun (tredje dag, på bestilling)
Bli ei ekstra natt etter framkomst? HI Borlaug

PS: Passar ikkje dei opplista datoane for deg? Skriv til oss og me syr saman ein pakketur når det passar deg betre (atterhald om kapasitet).

 

 

 

Eg ønsker å
Vilkår (*):
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.
Velg dato for tur
Ansvarleg
Kongevegbedrifter Filefjell SA
Send e-post
Sender, vennligst vent...
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.