Opplev kongevegen

Kyrkjestølen - Maristova

Fakta

Tidsbruk
2-5t
Avstand
10,7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Tilgjengelig
Mai-Oktober

Beskrivelse

Mellom Kyrkjestølen og Maristova kryssar du sjølve Filefjell og når kongevegens høgaste punkt. 

Strekninga over Murkløpphøgda er ei spanande vandring over cirka 10 kilometer med storslått utsyn mellom anna til tindene i Hurrungane.

Her ser du kva dei meinte med å bygge veg etter «det franske prinsip». Det var mest mogleg rett fram, med stor vekt på drenering og fundamentering, utan særleg omsyn til karakteren på terrenget.

I praksis var det rettaste vegen frå Gamlestøga på austsida til Maristova på vestsida.

Den karakteristiske vegføringa merkar du godt om du går fra vest mot aust, frå Maristova og opp bakkane «Dei sju skuffelsar».

Då vil pusten gå og hjartet hamre, for det er bratt.

Namnet kjem av at kvar gong du trur at du er ferdig med stigninga, så oppdagar du at det er nok ein bakke å forsere før du når toppen.

Dette skjer sju gonger. Altså blir du skuffa sju gonger.

 

MOT VEST

Turen startar i lett bjørkeskog ved Kyrkjestølen cirka 7 kilometer vest for Tyinkrysset. 

Kyrkjestølen ligg langs E16, og er skilta med god parkering. Her er servering og overnatting. 

Frå Kyrkjestølen går du 300 høgdemeter til du når toppen av vegen, cirka 1250 m.o.h. Turen går vidare mot frodige Lærdal.

Nær Kongevegen sitt høgaste punkt står Stiftstøtta, ein marmorbauta som markerte det gamle skillet mellom Akerhus og Bjørgvin stift.

Marmoren kjem frå Lier, men den vart sendt til Danmark tidleg på 1700-talet som byggemateriale til Marmorkirken i København.

Her vart støtta forma i ny-klassisistisk stil, hogd i fem kubiske former og med topphatt. Seinare vart ho sendt med båt tilbake til Norge og Lærdalsøyri.

 

DYR BAUTA

Bautaen vart dyr. Utforminga og transporten kosta til sammen 245 riksdaler, omtrent det samme som tre årsbudsjett for kongevegen (!).

Ikkje uventa var rentekammeret i København mindre nøgd. Men noko av svaret dei fekk var at ein av steinane var så tung at den måtte delast i to for å kunne fraktast til fjells. 

Bonden Håkon Øvre Ljøsne frå Lærdal som hadde teke oppdraget i 1797, hevda at sjølv om han bygde ei spesialvogn til jobben, tok hestane skade av det tunge arbeidet.

Stiftstøtta fekk eit flott fundament av naturstein og vart etter kvart eit ynda motiv for kunstnarar. Seinare vart ho flytta ned til den nye hovudvegen i Smeddalen, men i 1973 kom den tilbake til sin opphavlege plass.

Diverre forsvann ei av blokkane undervegs, men du kan framleis nyte den «Styrke og Smukhed» som stiftstøtta vart påstått hadde, som Kongevegen sin smykkestein.

Området ved Stiftsstøtta er også ein fin rasteplass.

Oppe på fjellet er terrenget lettgått og flatt før stien går ned att mot Maristova på cirka 800 m.o.h.

 

NED IGJEN

Langs vegen er det sett opp skilt med forklaring på interessante vegtekniske løysingar.

Mellom anna korleis den dyktige veginspektøren Iwer Moss løyste ulike floker, og korleis arbeidsfolka måtte tole harde arbeidsdagar og arbeidsuhell med legehjelp vekesvis unna.

Vegen ned igjen er bratt, og går gjennom «Dei sju skuffelsar». Namnet kjem av folk som kom vestfrå og skulle over fjellet. Kvar gong dei trudde dei hadde nådd toppen, oppdaga dei ein ny bakke. Dette skjedde sju gonger før dei nådde den verkelege toppen av Kongevegen over Filefjell.

Vel nede frå bakkane er du komen til Maristova, som har ei historie med overnatting og samferdsle i alle fall sidan første halvdel av 1300-talet.

Her kan du overnatte i moderne hytter eller i leiligheter hjå Maristuen Fjellferie. Her kan du også besøke det private museet Margretestuen Fjellstovemuseum, bygd som innkvartering til generalvegmeister C. J. Hammer og arbeidsleiaren, kaptein Wilhelm Jürgensen, til bygginga av nettopp Kongvegen over Filefjell.

 

FLEIRE VEGAR

Kongevegen over Filefjell mellom Vang og Lærdal stod ferdig i 1793. Kongevegen gjekk denne leia over Murkløpphøgda fram til 1843.

Då vart vegen erstatta av Den Bergenske Hovedvej nede i Smedalen.

Det vart gjort fleire omlegginger og utbetringar. Det same vart gjort på byrjinga av 1900-talet, og etter 1960-åra, då bilen byrja å bli allemannseige.

Den dag i dag går E16 - nokre vegutbetringar seinare - framleis nede i Smedalen av Filefjell.

Siste utgåve av den tusenvis av år gamle vegleia over Filefjell vart opna i 2016 og 2017.